Førstkomande laurdag opnar utstillinga i Studio Hugo Opdal med heilt nye verk av målaren som er blant Norges mest populære samtidskunstnarar.

– Alle bileta er laga til denne utstillinga, eit par av dei er kunstnaren faktisk ikkje heilt ferdig med. Vi er opptekne av å vere eksklusive, fortel gallerist Hugo Opdal.

Kenneth Blom er fødd i 1967 i Roskilde, og bur og arbeider i Oslo. Kunstnaren vert gjerne omtalt som «det nordiske lysets meister» og ein fornyar av måleriet.

Først

Blom var den første samtidskunstnaren som vart presentert på Sotheby’s i London, og er ein av få nordmenn som fast stiller ut i New York. Biletkunstnaren har vore representert av Galleri Haaken i Oslo sidan 2001 – og heile ni gonger har han hatt førehandsutselde utstillingar.

– Vi ser på det som ei anerkjenning for det vesle galleriet vårt å kunne stille ut verk av ein av Norges mest etterspurde kunstnarar. Kenneth Blom har stått tydeleg fram dei siste åra, og vi har merka ei veldig interesse rundt han. Blom stiller ikkje ut så mykje i Norge, så dette er eit sjeldan høve til å oppleve dei fantastiske måleria hans, seier Hugo Opdal.

I posisjon

Opdal konstaterer at Blom føyer seg inn i rekkja av fine kunstnarar med arbeid av høg kvalitet som fin vegen til galleriet på Flø. Galleristen tenkjer at Studio Hugo Opdal no har kome i ein posisjon der dei ikkje har vanskar med å få store namn på programmet.

– Dette er veldig spesielt for eit lite galleri på bygda. At vi har fått det til har nok med å gjere at vi frå dag ein har vore opptekne av å vere proffe, og at vi har fokusert på å stille ut bra kunst. I tillegg er utstillingane våre svært godt besøkte – Flø står ikkje tilbake for besøkstala for galleriet eg har på Tjuvholmen i Oslo, seier Opdal.

Gler seg

Kenneth Blom uttrykkjer glede over å stille ut på Flø.

– Studio Hugo Opdal er eit anerkjent galleri som viser kunst av høg klasse. Samtidig er det ein heilt annan type kunstscene enn pulserande metropolar som New York og Berlin. Eg gler meg til å kome til Flø, seier Blom i ei pressemelding.

Til Flø har Kenneth Blom med seg 12–15 oljemåleri på lerret og nokre grafiske arbeid. Kjennarar vil nok finne att dei karakteristiske komposisjonane og stemningane som har gjort Blom internasjonalt ettertrakta som representant for den nordiske tradisjonen.

Oppleving

Kunstnaren vil vere til stades under opninga laurdag 27. oktober. For gallerist Opdal er det viktig at publikum får møte den som står bak bileta som vert viste fram.

– Vi jobbar for å få det til ved kvar utstilling. Publikum får ei anna oppleving av kunsten når dei får oppleve kunstnaren også, meiner Opdal.

Utstillinga med Kenneth Blom sine verk vert hengande i Studio Hugo Opdal til 11. november.

GRENSELAND. Måleria til Kenneth Blom er i grenselandet mellom den abstrakte og figurative tradisjonen. Blom er tru mot oljemåleriet sitt langsame uttrykk som ein kontrast til samtida sitt meir flyktige uttrykk.