Soga seier dette biletet frå 23. november 1991 viser vinnarane av Sunnmørsposten si kunnskapstevling «Bli vis med avis».

Og det blei dei visst, desse hardtarbeidande skuleborna.

«Skulen er stolt og kry over innsatsen, og vi veit at sigeren er resultat av hardt arbeid. Dette har både elevar og lærar verkeleg jobba for, sa rektor Evy Joranger til 8.-klassingane».

No har det altså gått 25 år. Følgjeleg har desse skarpingane blitt endå glupare. Rikare på livserfaring, vil vi også tru.

Takk vere journalist Helge Søvik sin hang til systematikk, kan vi gje att alle namn. Høyr berre:

«Rektor Evy Joranger serverer is til klassestyrar Øivind Eide. I forgrunnen til høgre, varaordførar Rolf Havnen. Elevane er frå venstre Ronny Nupen, Ole-Jørn Myklebust, Ann Mari Tafjord, Sven Tore Relling, Catharina Blakstad, Jannicke Tafjord, Astrid Pernille Hole, Nina Rønneberg, Else Vibeke Eide, Marit Dagny Eide, Anders Relling, Einar Eide, Hallgeir Eide, Christopher Relling, Stian Tafjord og Tore Ivar Kaldhussæter.

Ole-Jørn Myklebust? Han har jo slege seg opp og fram som jazzmusikar på trompetane sine, han. Eit flott døme på gluping frå Eidsdal, vil vi meine.

Under denne is-jubelfesten vi ser på tiårbildet tok dessutan diktaren Jon Dale del. Forfattaren las sjølv frå den nye samlinga si – som alle vinnarane fekk kvart sitt eksemplar av.