Flakk Invest AS er hovudaksjonær i Peer Gynt Galleriet og bygget galleriet held til, Hægstad Gård på Hellesylt. No vil dei selje, og har gjeve dei lokale minoritetsaksjonærane eit tilbod.

– Vi har gjeve dei eit svært godt tilbod. Lenger ned kan vi ikkje gå, seier Egil Flakk i Flakk Invest AS.

Men medan Flakk meiner tilbodet er godt, synest dei lokale aksjonærane at det blir for dyrt og meir enn dei kan greie å handtere.

– Vi meiner prisen er for høg. Skal vi klare å betale så mykje, så må vi eventuelt hente inn fleire til å dele på rekninga, seier Øystein Ljøen.

Tilbodet gjeld både kunst, bygningsmasse og anna inventar.

Aksjonærar

Ljøen representerer ein av dei lokale aksjonærane, nemleg bedrifta HT Bygg AS. Dessutan er han leiar i Hellesylt Næringslag. Dei andre lokale aksjonærane er Hellesylt Bil og Maskin AS, Ole Ringdal AS, Ringdal & Co, og arvingane til Oddvin Parr.

Kunstnaren Oddvin Parr, som har laga trerelieffa i galleriet, døydde i desember 2010. Egil Flakk i Flakk Invest seier til Sunnmørsposten at dersom det no ikkje blir noko av salet av kunsten, vil dei mest sannsynleg flytte Parr sine trearbeid til den nyombygde Devoldfabrikken i Langevåg, medan dei vil selje bygningsmassen på Hellesylt.

Turistar

På Hellesylt likar dei svært dårleg desse flytteplanane:

– Det er svært viktig at vi får behalde Peer Gynt Galleriet, særleg no når den nye cruisekaia snart står klar til bruk. Dei første båtane legg til kai i mai, seier Øystein Ljøen.

Han legg til at galleriet og kafeen, som er i same bygget, har gått heller dårleg den siste tida. Men han og dei andre lokale aksjonærane ser eit stort potensial i anlegget, med ei betre samdrift mellom galleriet og kafeen enn det har vore til no.

– Og ikkje minst var det Oddvin Parr sitt høgaste ønskje at kunsten han hadde laga vart verande på Hellesylt, legg Øystein Ljøen til.

Les fleire kulturnyheter på smp.no

Les fleire nyheiter frå Indre Sunnmøre, Stryn og Hornindal på smp.no