Go'bitar frå besta si kokebok toppar lista over bestseljarar hos bokhandlar både i Fosnavåg og Ulsteinvik. Elles er det den heller tungt erotiske Fifty Shades of Grey som pregar topplistene til bokhandlane vi har spurt.

Og det er ikkje småtteri av bestemoroppskrifter som går unna. Salstala er så nasjonal forleggarbransje hevar augnebryna.

Olaug Hatløy og Ingebjørg Lyster starta beskjedent med at dei kanskje skulle bestille 1000 bøker. Så auka dei på., og bestilte likegodt 4.500. Det var bra, elles hadde det vore tomt no.

Tala imponerer

I samband med at Trude Teige skulle signere si nye bok hos Vestvang bokhandel i Fosnavåg, møtte Ingebjørg Lyster ein representant frå Aschehoug. Det var klar beskjed om at dei aldri kunne gitt ut ei slik kokebok som den Hatløy og Lyster har laga.

– Då dama høyrde at vi hadde bestilt 4.500 bøker, heldt ho på å gå rett i kne. Ho sa at dersom dei hadde selt 1000, så hadde dei vorte jublande glade.

Olaug Hatløy og Ingebjørg Lyster er meir enn jublande glade både over salet og mottakinga boka har fått. Det kunne verte vel spennande. Ein kjem ikkje ustraffa med variantar verken av gamle salmevers eller gamle oppskrifter. Men det har vore berre vellæte.

Les fleire kultursaker her

I undervisninga

Ingebjørg Lyster er lærar på lina for restaurant- og matfag på Herøy vidaregåande skule. Olaug Hatløy er også lærar på skulen. Onsdag laga elevane ved kokk og servitør sagopudding med oppskrift frå boka til lærarane.

Forfattarane er på salsturne både i bkohandlar og på julemesser. I tilleg er boka til sals i bokhandlar i regionen og hos fire butikkar i Oslo, mellom anna både hos ærverdige Tanum og Christiania Glasmagasin.

– Det er eit eventyr.

Tre av fire er lokale

Hos bokhandelen i Fosnavåg går det for tida i fire lokale damer. Desse står bak tre av dei fire toppseljarane.

– Salet av lokale bøker er bort imot å vere avgjerande for bokhandelen, fortel John Magne Johannessen.

Bokhandlarane i Fosnavåg forklarer interessa for lokal litteratur med at folk set pris på å lese noko der dei kan kjenne seg igjen, men dei merkar også at det er aukande interesse for lokalhistorie.

Sjekk kva som sel mest i bokhandlar på Nordvestlandet i torsdagens utgåve av Sunnmørsposten!

MINNE: Olaug Hatløy og Ingebjørg Lyster som står bak boka seier at no har vi ete posar og pakkar og er på jakt etter noko ekte. – Boka vekkjer mange minne og spelar på ein nerve hos alle.
KVARDAGSLUKSUS: Sagopudding med raud saus av heimelaga saft.