Kjell Martin Vikene har vore med å arrangere Sandemessa i 15 år. Men arrangementet har eksistert over dobbelt så lenge – i heile 33 år.

– Messa er like viktig sosialt, som ho er økonomisk, og er eit felles løft for heile Larsnes-området, seier Vikene.

Opplæring

Det bur om lag 2.600 personar i Sande kommune, 900 av desse bur i Larsnes-området. På Sandemessa jobbar 130 frivillige dugnad for bygda si.

– Messa er på mange måtar eit kurs der dei unge får opplæring i det å gjere noko for fellesskapet, fortel Vikene.

Gjør som fleire enn 23.000 andre - lik Sunnmørsposten på Facebook

Fellesskap

Det er Larsnes idrottslag og grendehuset Breidablik som er arrangørar. Leiaren i styret for grendehuset, Harald Sætre, seier at det er eldsjeler opp gjennom åra som har gjort at Sandemessa har klart å halde det gåande så lenge.

– Folk ser at Sandemessa er bra for bygda, ho skaper fellesskap og genererer midlar til idrettslag og grendehus. 16-åringane Katrine Hammer Gaustad og Marthe Beitveit har vore med å hjelpe til på Sandemessa i fleire år. No er dei vaksne nok til å selje lodd åleine.

– Det er svært kjekt å vere med å bidra til at det skjer noko i bygda vår. Vi vart med fordi foreldra våre var med. Engasjementet for Sandemessa går i arv, fortel dei to jentene. Helga Kristin Sætre frå Larsnes kjøper lodd og kosar seg på messe.

– Eg bur no her, og vil gjerne støtte det som skjer. Og så er det no så kjekt å vere på messe, synest Sætre.

I år var det rundt 40 aktørar med stand på Sandemessa. Feire av dei har stilt ut på messa før, andre er her for første gong. Spekemat, fisk, lefser, sylte, produkt av alpakkaull, Tupperware, heimestrikk, bøker og mykje meir var å få kjøpe.

Les flere nyheiter frå Søre

Film og pris

I tillegg var det kulturprogram og aktivitetar både laurdag og søndag. Blant anna var det premiere på den nye Sande-filmen, og utdeling av Kulturprisen.

Les også: - Det er nesten verre enn å vise ein film for ein million sjåarar

– Vi reknar med at rundt 1.500 personar var innom messeområdet i løpet av helga, seier Kjell Martin Vikene.