– Eg er så lei av vaflar, seier Simon Voldsund (10) og svelgjer det siste hjartet.

– Eg òg. Vi åt vaflar heile tida under innspelinga, nikkar Dagni Myrene (9).

Ikkje så rart, kanskje. Når det faktisk er opptaka til barneTV-serien «Vaffelhjarte» det dreier seg om.

– Det er ein fin serie, synest Dagni. Ho spelar rolla som Lena, eitt av dei to borna historia dreier seg rundt.

– Men eg speler eigentleg ikkje. Eg berre er meg sjølv. Lena og eg er den same, påstår Dagni.

Nyfikne lærarar

Dagni bur i Haddal med familien sin, huspusen, hestane, minigrisen Ragnhild, høna Perla og hanen Dodrik. Ho tenkjer ikkje så mykje på at fredag som kjem vert ho eit kjend fjes for alle barneTV-tittarar i Norge.

– Og i Sverige. Den skal sendast der òg, påpeiker Simon.

Ein skulle kanskje tru at klassekameratane i 5b på Bergsøy skule er spente på å sjå Simon, men det trur ikkje han, som speler Lena sin nabo Trille.

– Elevane er ikkje så nyfikne. Men lærarane, derimot! fortel Simon og Dagni.

Posevaflar og syltetøy

– Det er ikkje noko vald i «Vaffelhjarte». Ikkje blod, berre Tante-Farmor sine vaflar med syltetøy, forklarar Dagni. Ho likar ikkje syltetøy.

– Det gjer ikkje eg heller. Ikkje no lenger, hevdar Simon.

– Men de kan ikkje seie at de ikkje likar vaflar meir, skyt Dagni sin mamma Britt Myrene inn. Ho er kokken bak vaflane som står på bordet. Simon er snar til å rette opp den vesle feilen.

– På settet var det slike 1-2-3-posevaflar. Desse er mykje betre!

Lærerikt

Dessutan er det nokre månader sidan filmteamet pakka saman sakene sine etter at innspelinga på Runde var over. Den 1. juli var femti dagar og eit halvt år med prøver og opptak over. Simon og Dagni har lært veldig mykje.

– Det er kamera og kanskje tjue folk rundt deg, men du har berre lov å sjå på Trille. Eg har lyst å sjå i kamera, eg! seier Dagni.

– Det kan vere fristande å sjå på noko du får inn i sidesynet, men det kan du ikkje, tilføyer Simon.

Sunnmøre og Oslo

Dei fleste utandørs opptaka er gjort på Runde, medan det som foregår inne i hovudsak er spelt inn i Oslo. Med familien på slep har Dagni og Simon reist og opplevd ein del som er ukjend for dei fleste jamaldringar.

– Det heiter ikkje «action» og «cut». Det heiter ver så god og takk. Og vi måtte vere både glad, oppgitt, sint, lei og sjenert. På audition måtte vi seie «ej e så glad i dej, ej meina det, ej elska dej!»

Dagni reiser seg frå stolen og demonstrerer.

– Det var mykje venting, men mest gøy. Særleg moro var det å køyre trehjulsmoped med Nils Sletta, der eg og Dagni sat i korga framme, synest Simon.

Bestevener på ekte

I «Vaffelhjarte» vil Trille gjerne vere Lena sin besteven, men ho meiner det held å vere gode naboar.

– Vi er bestevener på ekte, seier dei to.

Ute i låven til Dagni har dei bygd gøymestader i høyet. Saman med Simon si storesyster Lovise hoppar dei i høyet og leikar med hønene.

– Før «Vaffelhjarte» var eg mest vand med kattar og hundar, fortel Simon som no har leigd ein hest for første gong.

– Det var ganske intenst, altså.

Sjå seg på TV

Til helga reiser Dagni og Simon til Oslo for premierefesten. Dei innrømmer at det kanskje vert litt rart å sjå seg sjølv på TV.

– Eg tenkjer ofte ikkje over at dei eg ser på TV faktisk eksisterer på ordentleg, seier Simon.

– Eg har sett meg sjølv i trailerane. Det er ganske surrealistisk, synest Dagni.

Når sju veker er gått, er dei heilt sikkert vande med det. Dei har dessutan spurt forfattar Maria Parr om ikkje ho kan lage ein oppfølgjar.

– Ja-ja-ja! Eg vil ikkje verte skodespelar av yrke, men dersom det kjem «Vaffelhjarte 2» så er eg gjerne med! lover Simon.

Minnebok. Av prosjektleiarane fekk Dagni og Simon kvar si bok med bilete frå innspelinga. – Der var utedo med solcellepanel, fnisar dei to.
Bilde nr 3. 2 sp bredde
Bilde nr 2, 2 sp bredde
Hoppe i høyet. Simon og Dagni er ikkje berre på TV. Saman med hanen Dodrik og høna Perla hoppar dei gjerne i høyet heime hjå Dagni i Haddal. – I serien er det med ein hest som heiter Bakkemerra, og bæsjen hennar kjem frå ein økologisk barnebondegard i Oslo sentrum, fortel Simon. foto: Vetle B. Farstad