I år er «kunstivalen» Go With the Flø for første gong konsentrert på ein dag. Slik skal det bli lettare å få med seg alt for folk som kjem langvegsfrå.

– Eg trur det skal bli veldig bra. Det blir intensivt, heile dagen, seier Hugo Opdal.

Det skjer-kalenderen: Få med deg alt som skjer på Nordvestlandet

Parkour

Tyske Amadei Weiland, kjend som «Urban Amadei», er rekna som ein av verdas fremste parkour-kunstnarar. Med spenst og muskelstyrke kjem han seg imponerande lett over ulike hinder. Filmar på YouTube viser korleis 26-åringen spring oppover vegger, hoppar over murar og tek saltoar.

– Dette er kroppskunst, og det er gøy å sjå på. Han spring på betongvegger i New York og Berlin. Slikt har vi ikkje her, men vi har mykje anna som han kan bruke, seier Opdal.

Nattklubb i gymsal

Aktivitetane på programmet er nøye utvalde og skal utgjere ein god miks, som heng saman.

Kontrasten er stor mellom utandørs kroppskunst til nattklubb, midt på dagen, i gymsalen på Flø. Her opptrer artisten Brede Rørstad, som er frå Valderøya, men bur i Paris.

– Dette blir tøft. Han leiker med former, og det blir litt alternativt, fortel Opdal om nattklubb-konserten i gymsalen.

(saka held fram under)

Utstilling

Etter å ha stilt ut verdsstjerner som Elmgreen & Dragset, Bjarne Melgaard og Damien Hirst, går Go With the Flø i år motsett veg. I Studio Hugo Opdal får sju unge kunstnarar vise kunsten sin.

– Det er utfordrande tider i området, og dette er ikkje året for å dra inn ein kunstnar frå Tokyo, seier Opdal.

I staden gler han seg over å kunne gi unge kunstnarar ein sjanse til å vise seg fram.

– Dette er framtidige kunststjerner, og alle må begynne ein plass. Denne utstillinga kjem til å bli rå, seier han og legg til at utstillinga heng saman med resten av programmet.

Gratis

Det blir i år gratis inngang til aktivitetane, noko som er mogleg takka vere sponsing. Og Opdal meiner det er viktig med Go With the Flø i år, når det er nedgangstider.

– Når det er full fest i næringslivet, er det nok kake, seier Opdal som skildrar seg som kunstmisjonær.

Han ønskjer å bringe kunst og kulturopplevingar ut i distriktet, slik at folk her skal få same opplevingane som ein kan få i urbane strøk.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no