Frå Sunde og både gjennom Leirvågen, Solavågen og Bjørkavågen gjekk det små tog med ein par-tre korps i kvart. Alle hadde kurs for skulen ved Steinane. Der kunne dei marsjere nær sagt rett inn i idrettshallen, som dermed fekk si eldprøve som bygda sin nye stemnestad.

Jim Arve Røssevoll kunne helse heile femten korps velkomen. Ordføraren gjekk rett til hovudpoenga i talen sin, og minna forsamlinga om at Sula vil vere den leiande kulturkommunen i ålesundsregionen:

– Når ein ser på kva kommunen bidreg med i pengar til kultur og frilligheita, så veit vi alle at å oppnå måla i ein slik visjon ikkje er mogleg utan den frivillige innsatsen. Det at Sula har eit rikt kulturliv må i hovudsak tilskrivast det engasjement og innsatsen eldersler og medlemane frå mellom anna musikkorps legg ned i utallege dugnadstimar og frivilleg arbeid.

Han trakk fram Jens Veddeng i Langevåg-korpset, den suverent eldste aktive korpsmusikaren i landet.

– Han har spilt samanhangande i 78 år. Det er slikt ein kan vere stolt av. Du finn ikkje ein fotballspelar som kan skryte av å ha spilt samanhangande i 78 år.

Røssevoll peika på at skulekorpsa driv viktig utdanning med tanke på å rekruttere profesjonelle musikarar. Og han har låkt for å sjå føre seg månaden vi er inne i utan korps.

– Det er ikkje mange syn som gjer sterkare inntrykk enn å sjå eit korps i stramme uniformer marsjere i takt med friske tonar heilt i fronten for bygda si. Der alle som deltek for ei kjensle av samhald, det å høyre til ein fellesskap, når ein markerer storhendingar.

Ordføraren har registrert at det frivillege kulturlivet er under press på meir enn ein måte.

–I dag blir born, unge og vaksne utfordra på langt fleire arenaer enn tilfellet var tidlegare. Kampen om tida er hard og tempoet i samfunnet går fortare enn nokon gong. Teknologien som i utgangspunktet er til stor hjelp, blir på mange måtar eit hinder eller ei lettvint løysing. Folk er ikkje sosiale på same måte som før, ein gjer ting i lag over sosiale media. Ein er sosial på heilt andre måtar enn tidlegare.

Det at ein skal erstatte noko så grunnleggande menneskeleg som å vere fysisk i lag med andre mennske, med appar og skjermar i alle storleikar, er uheldig. Difor er det viktig at vi hegnar om slike miljø som korpsa, nettopp fordi dei bidreg til å halde på det som gjer oss menneskelege, helsa ordførar Jim Arve Røssevoll, og oppmoda korpsfolket om å stå på.

– De gir så utruleg mykje til oss andre!

Korpsa som gav publikum så mykje torsdag var i tur og orden Ellingsøy, Langevåg, Blindheim, Larsgården, Emblem, Hatlane, Hessa, Lerstad, Solevåg, Hatlehol, Vigra og Valderøy (ViVa), Spjelkavik, Åse og kretskorpset Jurk.