Leon Roald gir frå seg eit lettens sukk der han sit på ein stol midt i Johanneskapellet ved Valderøy kyrkje. Han er meister for glaskunsten som går rundt heile det åttekanta kapellet, og gløder av fargar som skildrar døgnet frå morgon til kveld.

– Fargane skal ikkje underhalde. Her skal folk kunne konsentrere seg om sitt eige indre liv, seier kunstnaren som meiner å ha klart å skape ei neddempa utsmykking som spelar på lag med arkitekturen i kapellet.

Markering søndag

– Utsmykkinga er veldig flott, og passar til den allsidige bruken av kapellet. Dette er eit rom som blir brukt i alle livets fasar frå dåp til gravferd, og då passar glasmåleriet med sine skiftande fargarar og lysspel godt inn, meiner sokneprest André Sjåvåg.

Etter gudstenesta på søndag inviterer han, leiaren i utsmykkingsnemnda og andre i Giske Kyrkjelege Fellesråd kyrkjelyden til samling i Johanneskapellet for å markere at glaskunsten «Frå soloppgang til solnedgang» er ferdig.

– Det blir stor stas å vise fram utsmykkinga. Vi gler oss til å presentert verket for på den måten å takke lokalbefolkninga og næringslivet som har bidratt med pengegåver, seier kyrkjeverje Turid Urkedal Valderhaug. Ho fortel at utsmykkinga har kosta rundt ein million kroner, og at 750.000 er gitt i gåve. Resten betalar Giske Kyrkjelege Fellesråd.

Under markeringa i Johanneskapellet blir det mellom anna musikkinnslag ved Dag Filip Roaldsnes, og kunstnaren skal fortelje om korleis verket er blitt arbeidd fram.

Glaskunst-debut

Leon Roald er svært letta over å vere i mål med utsmykkinga, som er den første glaskunsten keramikaren og skulptøren frå Vigra har laga.

– Det hadde ikkje gått utan det fantastisk gode samarbeidet eg har hatt med glasmeistrane Anette og Even Muldal. Eg har lent meg tungt på deira erfaring. Men det rare er at eg aldri før har følt at arbeidet med ei utsmykking har gått så lett som med dette. Kanskje er det er Guds styrelse fordi det skjer i eit kapell, undrar kunstnaren.

To gongar har han og glasmeistrane vore i Tyskland og plukka ut glas i dei rette fargenyansane til dei åtte glasfelta, som er fire meter lange og nitti centimeter høge.

– Eit spanande prosjekt å jobbe med, som vart svært bra, meiner Even Muldal som har hatt jobben med å lodde saman alle glasbitane. Samarbeidet har gitt meirsmak. No er Leon Roald og glasmeistrane i sving med å lage fire glasmåleri med dameportrett som Roald skal presentere på ei utstilling i Oslo i slutten av mai.

Lokalt og globalt

Leon Roald fortel at frå starten var tanken hans at glasmåleriet skulle skildre døgnets skiftande lys,- frå nattsvart blått til solgul dag med innslag av ei og anna gråleg regnbye til raudleg solnedgang.

– Men undervegs har motivet utvikla seg til og å omfatte dei fire årstida og landskap verda rundt. Frå å skildre fargane på vår lokale himmel, har eg opna opp for det globale, forklarer kunstnaren og peikar mot det grønlege korsforma partiet som går frå golv til tak bak alteret.

– Det er inspirert av regnskog,- mørkt nedst og grønt og frodig oppover, og så sveipar eg innom det gule som kan minne om steppeland eller soloppgang før ei sunnmørsk regnbye set sin gråblå farge på verket, forklarer Leon Roald.

– Rundt heile kapellveggen skjer det noko, held han fram. – Det er stadig endring i fargespelet,- ei slags uro, eller stadig endring. Slik livet er.