Maria Parr frå Vanylven har vunne fleire prisar for boka Tonje Glimmerdal. No òg i Tyskland. Foto: Knut Arne Aarset

Det melder Vanylven kommune på sine nettsider.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Det er livsløputvalet i kommunen som har bestemt at 30-åringen frå Fiskå fortener prisen for sin litterære produksjon.

– Bøkene til Parr er omsett til ei rekkje språk, og trass sin unge alder har ho alt vunne fleire litterære prisar enn dei fleste andre forfattarar gjer i løpet av eit heilt liv, heiter det på nettstaden.

Kulturprisen består av 5000 kroner frå Sparebanken Møre og eit kunstverk av illustratøren Torun Hunnes frå Syltefjorden i Vanylven.

Parr debuterte med Vaffelhjarte i 2005 og for den påfølgjande boka Tonje Glimmerdal fekk ho både Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen. Hausten 2011 vert NRK si dramatisering av boka Vaffelhjarte viste på TV, og forfattaren er for tida engasjert ved den vidaregåande skulen i Syvde.