Boka heiter "Historia om Ivar Aasen" og er den sjette biografien om Aasen som har kome ut. Men berre denne har blitt lansert på sjølvaste fødestaden til Aasen.

Mykje nytt

– Kvar generasjon treng ein Ivar Aasen-bografi. Vi har gledd oss lenge til å gi ut denne, seier forlagsredaktør i Det Norske Samlaget, Bente Riise.

Både ho og Grepstad hevdar at boka inneheld mykje ny informasjon om språkvitaren. – Her er mykje nytt å glede seg over, det er myteknusing i stor stil! seier Riise.

Skostorleik og humor

Boka er i romanform på 375 sider. Planen var opprinneleg å skrive 150 sider.

– Eg bomma nok litt der, seier Grepstad, til latter frå publikum.

Grepstad kan mellom anna røpe mange personlege detaljar om Ivar Aasen, som tidlegare har vore vanskeleg å fastslå. Alt frå høgde, skostorleik, kven venene hans var og kva humor han hadde, er del av den nye biografien.