Gitarist/vokalist Arthur Johan Bjørdal i Vassendgutane har nok ei fortid som ung deltakar på Strynemessa. I ein songtekst signert Bjørdal heiter det mellom anna:

«–Ja, no er det endeleg landbruksmesse innji Stryn». Der fekk guten oppleve at dei selde både hesjastaur, traktor og havregryn.

Men søndag ettermiddag var det duka for at heile bandet frå Vassenden i Åmdalen i Ørsta skulle få oppleve noko av det same som tekstforfattar Bjørdal: Strynemessa på nært hald!

Foto: Knut Arne Aarset

– Sidan denne songen kom ut i 2009, har vi spelt han på alle våre konsertar og han er framleis populær, har bassist og vokalist Sindre Aam uttala til messeavisa.

– Ga karane råd før konserten

Søndag fekk den same Aam møte ein skikkeleg blodfan ved scenekanten, alt under opprigginga til konserten i Strynehallen. Det var ein av Stryn sine eigne artistsøner, Thor Heine Rosdahl. Kjend som mangeårig vokalist og frontfigur i bandet Merkesteinane, med base i opplæringsmiljøet for utviklingshindra i Volda.

Sjå bildeserie over

No er det stadig lengre mellom speleoppdraga til Merkesteinane, men å høyre Vassengutane er stort, forsikrar Rosdahl.

– Eg fann ut eg måtte møte opp så tidleg at eg fekk med meg lydsjekken også, og kanskje gje karane eit par gode råd, smiler Thor Heine Rosdahl.

Råd eller ikkje, Vassendgutane hadde eit svært stort publikum i hallen i si hole hand – frå første låt.

Gjør som flere enn 23.000 andre - følg smp.no på Facebook