– Eg stolar på lesarane. Dei finn sjølve ut korleis ei kåpe kan sjå ut, seier Ronnie M.A.G. Larsen (41) som romandebuterer denne veka med «Sommar i Thereses gate».

«Ein liten roman om dei som gjerne lev eit heilt liv utan å bli sett», skriv forlaget og inviterar til lanseringsfest i Oslo tysdag. (ekstern lenke).

13 songar

Larsen novelledebuterte i 2008, med «Offa». Han hadde ikkje mykje til overs for adjektiv den gongen heller.

– I staden har eg laga eit soundtrack til denne nye boka, ei speleliste med 13 songar som dukkar opp i historia på ulikt vis. Songane er med på å sette stemninga. Eg veit ikkje om andre forfattarar som lagar soundtrack, seier Larsen.

Ikkje alle forfattarar har bakgrunn som trommeslager i The Margarets heller.

– Å skrive adjektivlaust har du til felles med Hemingway.

– Eg er nok meir inspirert av film, seier Larsen.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Ser det han skriv

– Eg hentar særpreget mitt som forfattar frå filmen. Eg er vant med å skrive filmmanus, og hoppar alltid langt inn i ei scene når eg skriv, enten det er film eller bok. Eg ser historiene som scener, med stemning og karakterar, konflikt og løysing. Eg er god på det med løysing, seier Larsen.

– Boka er ikkje heilt ribba for adjektiv. Eg fekk verkeleg lyst til å skildre bartenderen i farger. Han har på seg noko svart og kvitt, legg han til.

«Sommar i Thereses gate» er ein stillferdig roman om ein stillferdig kar som har budd i den same gata heile livet, fortel forfattaren. Henry Moan tek oppdrag som pianostemmar. Han tek polaroidfoto av alle piano han har stemt. Dei heng på veggen.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Fri utan Facebook

Den dagen sjefen dør, er Henry Moan plutseleg heilt fri til å dra dit han vil.

– Ein fri pianostemmar dreg dit pianostemmarar alltid vil reise, til Salzburg, seier Larsen.

– Han blir fanga av all fridomen, men trivst i grunnen bra med det. Livet kan vere veldig bra sjølv om det ikkje ser perfekt ut for andre. Alle treng ikkje å vere på Facebook eller i rampelyset heile tida, seier Larsen.

– Og min stillferdige helt i Thereses gate møter mange folk han påverkar, utan å vere klar over det sjølv. Eg synst det er eit fint karaktertrekk.

Filmmanus, opera og The Margarets-turne

Det har vore eit travelt år for multikunstnaren frå Giske. Ved sidan av å skrive ein roman, har han òg skrive filmmanuset til «Skumringslandet» og librettoen til operaen «Storkaren» som hadde premiere under Fjord Cadenza i august.

Han har vore på turné med The Margarets i akustisk drakt, i regi av Rikskonsertene. Han har tre barn og kone, og full stilling som lærar i film og foto ved Holtekilen folkehøgskole i Bærum.

– Eg skriv når ungane har lagt seg. Alle desse prosjekta gir god energi. Det er travelt på den oppmuntrande måten, seier han.

Følg smp.no på Facebook

Ein ny roman skal snart ta form. Larsen har vore på skrivekurs med krimdronning Anne Holt.

– Handlinga skal skje mellom vesle julekveld og andre nyttårsdag. Det er alt eg veit så langt.

– Konflikt og løysing?

– Kjem vel ikkje utanom det i jula, seier Larsen.

Her kan du høyre soundtracket for romanen på Spotify (ekstern lenke)Her kan du høyre sundtracket for romanen på Wimp (ekstern lenke)