– Dette er mykje større enn mange trur. Herøyspelet er ein svær og profesjonell produksjon, seier Olgunn Torvanger.

Olgunn, døtrene Maria og Helena Torvanger Lied, og Hermine Pettersen Lied har det travelt når vi møter dei ved spelplassen på Herøya. Om 25 minutt skal dei i gang med prøvene til denne 23. utgåva av Herøyspelet «Kongens Ring».

Hovudrolle

– Vi amatørane har berre øvingar på kveldstid, medan dei profesjonelle øver på dagtid også, seier Maria og peikar på mora.

I år finn vi nemleg namnet til Olgunn på lista over hovudrolleinnehavarane i spelet, saman med mellom andre Nils Ole Oftebro og Agnes Kittelsen. – Eg er «Inga», den sterke og stolte kona til Ragnar Herøyhovding. Eg synest det er veldig stort å få vere med i ei av hovudrollene, seier Olgunn.

Erfarne

Både ho og dottera Maria har vore med på alle produksjonane av Herøyspelet «Kongens Ring» sidan 1990-talet. Helena, den andre dottera til Olgunn, har 16 spel bak seg. Til og med seks år gamle Hermine, dottera til Maria, er ein erfaren spelskodespelar. Ho har vore med sidan ho var tre.

– Eg må seie eg kjem tilbake år etter år for å oppleve den store produksjonen. Det er fantastisk å vere med på noko så profesjonelt som Herøyspelet. Det er mange gode spel i Norge, men det er noko spesielt med Herøyspelet. Den sosiale biten blir ein bonus, seier Olgunn. – «Kongens Ring» er vel kongen mellom spela, supplerer Maria.

Irritert

Helena innrømmer at ho irriterer seg over noko av det ho høyrer frå folk.

– Det er tåpeleg når folk som aldri har vore på spelet, seier det er kjedeleg og gammaldags. Det er ei fantastisk historie. Det handlar om hemn og kjærleik, og er likevel relevant i dag som før. og musikken og stemninga gjer det magisk. Folk må iallfall kome og sjå spelet før dei gjer opp meiningane sine.

<strong>Spelfamilie:</strong> Familien Torvanger har heile fire medlemmer med i årets utgåve av Herøyspelet «Kongens Ring». Frå venstre: Olgunn Torvanger, Helena Torvanger Lied, Maria Torvanger Lied, Hermine Pettersen Lied (fremst). foto: Marius Myklebust
<strong>Dramatisk:</strong> Herøyspelet «Kongens Ring» er ei dramatisk historie. Her går herjungane til åtak i 2012-utgåva av spelet. arkivfoto: Alexander worren