Sandanger får prisen for innsatsen sin for trengande gjennom ei årrekkje. Sandanger har drive hjelpearbeid i Latvia og Polen gjennom stiftinga Suwalkis Venner. 88-åringen har vore svært aktiv i helselag og misjonsforeiningar. Ho har vore leiar i kvinneforeininga til Det Norske Misjonsselskap og vore leiar for ungdomsgruppa i KFUK-KFUM.

«Gunhild er eit stort forbilde, og er eit bevis på kor mykje ein enkelt person kan gjere og bety for mange menneske rundt om i ulike land. All hennar innsats har vore ueigennyttig, og ho har gjennom heile livet stått på for dei svake og trengande» skriv kulturprisnemnda i grunngjevinga si. Kulturprisen er på 20.000 kroner frå Sparebanken Møre.