SKRUK selde ut Molde domkyrkje tre gonger på Moldejazz i fjor. I år er koret tilbake saman med Vårsøg og Sondre Bratland.

Vårsøg er den same gamle gjengen som la opp for mange år sidan. Gruppa hadde sin siste konsert på jazzfestivalen i 1980.

– Vi syns jo det er litt artig med ein slik reunion, seier Henning Sommerro til Sunnmørsposten. – I tillegg får vi med oss to nye musikarar, vi må jo fornye oss litt også, seier han. Sommerro vart folkeeige med visa «Vårsøg» i 1977.

Det nye prosjektet har fått undertittelen «Hymner frå vest – salmar og songar vi gjerne høyrer ein gong til». Med seg får dei også Sondre Bratland.

Rabalder

SKRUK og Vårsøg gav i 1978 ut albumet «Av moll er du komen, til dur skal du bli», ei samling av salmar og songar til folketonar frå Møre og Romsdal, arrangert av Henning Sommerro. Plata vekte sterke reaksjonar både i folkemusikk-kretsar og i enkelte kyrkjelege kretsar på grunn av den uvande besetninga. Enkelte meinte visegruppa Vårsøg var eit danseorkeseter, og programmet vart nekta framført både i Molde Domkirke og i Ålesund kyrkje.

I ettertid skal plata ha inspirert andre artistar og arrangørar som har gjort sine nye versjonar av gamle melodiar.

Ytre Suløens Jass-ensemble

Til Moldejazz kjem også Ytre Suløen, som bandet gjerne blir kalla i kortversjon. Gruppa har halde det gåande i meir enn førti år. Dei seineste åra har det rett nok vore ei rekke utskiftningar i bandet, og dei nye medlemmene har bidratt til å fornye «Ytre Suløen-soundet». Her får vi ragtime, gospel, litt karibisk musikk, blues og swing.

Fleire felleskonsertar

Frå før er det kjent at det blir to store konsertar på Romsdalsmuseet – den eine ein jentekveld med Ane Brun, Joss Stone og Esperanza Spalding, og den andre med Ivan Ave, Karpe Diem og Lemaitre.

I tillegg er det klart for konsertar med artistar som Lizz Wright, Chick Corea, Branford Marsalis, Kurt Elling, Ola Kvernberg, Solveig Slettahjell, Knut Reiersrud. Marilyn Mazur og Jaga Jazzist.