– Vi har opplevd at folk prøver å kjøpe billettar til arrangement som er utselde og å selje billettane sine på facebook-sidene våre. Derfor har vi no tatt eit oppgjer med dette, og vi fjernar alle slike innlegg, seier dagleg leiar i Momentium, Ronny Stokke.

– Vi kan ikkje ta ansvar for kva andre gjer, men vi vil ikkje ha slik aktivitet på våre kanalar. Det kan vere mange gode grunnar for at nokon vil selje billettane sine, og så langt har vi ikkje sett at nokon har prøvd å selje billettar til ein høgare pris, men likevel vil vi åtvare om at det er forbode å selje billettar over originalprisen til sports- og kulturarrangement i Norge. Har du betalt meir enn vi selde billetten for, kan du etter svartebørslova krevje tilbake overprisen frå seljar. I tillegg kan du politimelde og klage til Forbrukarombodet. Folk må også vere merksame på at billetten du kjøper av andre enn arrangøren kan vere falsk eller kopiert, seier han.

– Vil de vurdere å heretter halde av nokre billettar til å selje i døra på sjølve konsertdagen?

– Det er ikkje umogleg at vi kan vurdere det, men inntil vidare så sel vi billettar via vårt eige billettsystem tikkio, og der stoppar salet automatisk når billettane er utselde, seier han.