For litt over fire år sidan miste Roy Arne Folkestad og kona hans, Maria, den eldste sonen sin i ei mopedulykke. Det skjedde sommaren 2008. Ei smerte så vond at ho er nærast umuleg å skildre. Likevel har Folkestad prøvd å forklare korleis sorga har råka han.

I boka «Han er ein luring denne Jesus. 21 historier om å miste eit barn» har forfattaren samla historier til foreldre frå Sunnmøre. Dei fortel om livet før og etter barnet deira døydde.

Les fleirekulturnyheiter på smp.no

Ingen fasit

– Boka gir eit innblikk i kor samansett sorg og sorgreaksjonar er. Inga sorg er lik, det finst ingen fasit for korleis ein skal sørgje, seier Folkestad, som til dagleg er journalist i lokalavisa Møre-Nytt.

«Stunda har brent seg inn i minnet. Vi låg der i den store senga og alle heldt rundt Olai og kvarandre. Pusten som hadde gått jamt og trutt gjekk seinare og seinare – frå eit langt innpust til eit langt utpust. Vi venta på at pusten skulle trekkjast igjen. Det skjedde ikkje. Vi rista forsiktig i han. Men han var stille. Det var slutt».

I boka fortel Merete Nybø og Kenneth Sande frå Ørsta om siste stunda før den kreftsjuke guten deira, Olai, (7) forlet livet.

Sterke møte

– Det har vore sterkt å møte andre foreldre i same situasjon som meg sjølv. Å høyre om og skrive om all denne sorga har vore energitappande, men også godt. Prosessen har på mange måtar vore terapi for meg, fortel Folkestad.

Møtet med Bente Westre frå Vartdal, som har mist to søner under tragiske omstende, har gjort djupt inntrykk på forfattaren.

– Trass i det ho har opplevd står ho på føtene, har humør og guts. Ho har funne ny glede sjølv om ho har opplevd det verste – to gonger, seier han.

Miste tre

Folkestad skriv også om Møyfrid Lillenes frå Volda, som miste sonen, barnebarnet og svigerdottera i ei bilulykke i Dalsfjorden i 2009. Ei anna historie fortel om Solbjørg Hansen frå Valderøya. Dotter hennar vart drepen av mannen sin.

Lina Aasmo og Arne Halkjelsvik frå Volda fortel om marerittet då dottera Kristine på ein kyrkjegard i Stjørdal fekk ein gravstein over seg og døydde.

– Lengten etter barnet som manglar vil vere der kvar einaste dag. Likevel går det an å reise seg att og få eit godt liv, seier Folkestad.

I sal

I tillegg til dei nemnde er også desse medverkande i boka: Toril Standal, Langevåg. Liv og Asbjørn Ramselien, Ålesund. Kjell Martin Overaa, Liabygda. Linda Haddal Røssevoll, Hareid. Oddfrid Jonsen, Sula. Astrid Frantzen Hasfjord, Fosnavåg. Stine Nilsen, Skodje. Jorun Bruland, Åheim. Toril Kjøllestad Kriken, Åheim. Jorunn og Hermann Vatne, Ørsta. Laila Parr og Finn Myklebust, Ørsta.

Boka med dei 21 historiene vart lansert i Ørsta kyrkje tysdag kveld. Roy-Arne Folkestad gir ut boka på eige forlag, og ho vert å kjøpe i bokhandlar rundt om på Sunnmøre.

Les fleirenyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no