Rundt ti personar var innom første timen, og ingen verk er så langt selde. På utsida av utstillingslokalet både bles og snøar det.

- Dette er ein gledas dag til trass for det dårlege vêret. Eg er stolt over å ha verk av sjølvaste Edvard Munch på veggene. Og det tar seg nok opp, både besøket og salet. Gallerieigar Hugo Opdal er optimistisk, sjølv om det dårlege vêret nok gjorde sitt til at få hadde møtte fram da utstillinga opna.

- Vanlegvis under utstillingsopninga er det så vidt folk får plass i lokalet. Fordelen så langt i dag er at dei som er her, får sjå kunsten skikkeleg, seier Opdal som gler seg over at fleire besøkjande kjem til etterkvart, og håper på godt ver resten av utstillingshelga.

Flotte verk

Munch-utstillinga i Studio Hugo Opdal er todelt og viser verk til ein verdi nærmare 30 millionar kroner. I det største rommet heng dei åtte Munch-verka som er til sals, og i det som tidlegare var klasserom i den gamle skulebygningen heng dei femten som blir vist fram for sunnmøringar før auksjonen Blomqvist Kunsthandel skal ha i Oslo i mai.

- “Madonna” og “Vampyren” er nok dei flottaste og dyraste Munch-verka som er til sals her, seier Eivind Torkjelsson frå Blomqvist i det han viser besøkjande rundt i utstillingslokalet.

­ Dette er ei unik kunstoppleving. Det er slett ikkje vanleg å finne ei Munch-utstilling på ein bitteliten plass som Flø. Galleriet her presenterer ei fin, lita utstilling med topp Munch-verk, meiner Eivind Torkjelsson som til dagleg held til i Oslo.

Må sjå utstillinga

- Klart eg må ha med meg denne utstillinga. Når verk av ein så stor kunstnar som Munch er her på Flø, seier Berge Myren medan han tek seg god tid til å sjå nøye på verka.

- Er du her for å kjøpe eit Munch-verk?

- Eg såg på “Pikene på broen”, men eg har ikkje den type kapital som gjer at eg kan kjøpe e eit trykk til fleire millionar, seier han med eit smil. Her eg mykje eg kunne ha tenkt meg, om eg hadde hatt uuttømeleg med pengar. Det mest attraktive bildet er nok “Madonna”, meiner Berge Myren.

Han var ikkje åleine som gjekk rundt mellom kunstverka til Edvard Munch med drøymande blikk, og ynskje om tjukk lommebok.

Les meir om Munch-utstillinga i Sunnmørsposten på måndag.

Hugo Oppdal tar siste sjekken før åpning, mens kunstekspert Eivind Torkjelsson følger med. Foto: Alexander Worren
Berge Myren (t.h) diskuterer Munch-bilder med Gunnar Krogh-Hansen fra Blomqvist. Foto: Alexander Worren