– Vi vil vise kor allsidig Ivar Aasen var, kor respektert og omstridd han var, og kva han har hatt å seie, seier direktør for Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, i ei pressemelding.

Følg smp.no på Facebook

Kulturministeren kjem

Aasen blir feira med over 20 arrangement frå 1. til 5. august. Under den store bursdagsfesten 5. august, med namn "Takk, Ivar Aasen!", held kulturminister Hadia Tajik tale for jubilanten. I tillegg vitjar mellom andre Aasmund Nordstoga, Edvard Hoem og Maria Parr Aasen-tunet desse dagane.

Les også: Publikumsrekord på Dei nynorske festspela

Slektstreff

Søndag 4. august møtast etterkomarane av Aasen og syskena hans i Aasen-tunet. Grepstad meiner jubileet gir ei god mulegheit til å takke familien for deira bidrag opp igjennom åra.

– I 1989 etablerte Aasen-familien eit Ivar Aasen-museum, og Aasen-slekta har i alle år vore framifrå naboar, seier han.

Les også: Fekk fleire til å felle tårer

Blomar på grava

På 200-årsdagen blir det på same tid lagt ned blomar ved Aasen-statuen i Ørsta og på grava hans på Vår Frelsers gravlund i Oslo. Blomar vil også bli lagt på grava til Sivert Aarflot i Volda, som med sitt bibliotek og trykkeri var ein av dei viktigaste føresetnadane for Ivar Aasen.

Hadia Tajik kjem for å halde tale under bursdagsfesten "Takk, Ivar Aasen!". Foto: Ilja C. Hendel
Forfattar Edvard Hoem skal halde foredrag om Bjørnstjerne Bjørnson og Ivar Aasen. Foto: Linda Engelberth
Aasmund Nordstoga held utekonsert i Aasen-tunet 4. august. Foto: Pressefoto