Denne gongen er det bildekunstnaren Nico Widerberg som kjem. Og det er for første gong til Flø.

Med seg har Widerberg utstillinga “Stemt form” som har 25 verk og som skal gi eit variert innblikk i dei nyaste arbeida hans. Utstillinga opnar søndag 18. april, og Nico Widerberg vert med på opningsdagen.

Utstillinga vil i hovudsakleg vere av skulpturar i ulike material som bronse, stein, glas og stål. Skulpturane varierer i størrelse frå nokre titals centimeter til full menneskestørrelse. Utstillinga vil også innehalde nokre litografiar og eit maleri. Prisane er frå 3.000 kronr til 200.000 kroner.

Avpersonifisert

Nico Widerberg er anerkjent som ein av dei leiande figurative bildekunstnarane i landet. Avpersonifiserte skulpturar av menneske har ofte vore sentrale motiv. Dei seinare år har han også arbeidd med oljemaleri og andre uttrykk innanfor bildekunsten.

Widerberg har utført ei lang rekke utstillingar, både på eiga hand og saman med andre. Bildekunstnaren har også hatt rundt 60 utsmykkingsoppdragnasjonalt og internasjonalt der dei mest kjende er monumenta av Thor Heyerdahl, Trygve Lie samt utsmykninga av Regjeringsbygget og Oslo Lufthavn Gardermoen.

Etter Widerberg-utstillinga arrangerer Studio Hugo Opdal kunstivalen “Go with the Flø” første helga i juni. Kunstivalen held også fram i form av ei utstilling heile sommaren. Med på denne vert mellom anna Damien Hurst.

Til hausten er det planlagt to utstillingar på Studio Hugo Opdal. Det er med bildekunstnarane Ørnulf Opdal og Håvard Vikhagen.

Søndag om vel ei veke kan Hugo Opdal opne Widerberg-utstilling.