Slagverkaren tjuvstarta Fjord Cadenza i går med eit fyrverkeri av ein familiefest.

Han har gjeve solokonserten sin tittelen«Ekornes i hundre».

Ordvalet kan spele på fleire forhold: Kenneth kjem dragande med sikkert hundre ulike instrument. Dei er innhandla på bruktsjapper, marknader, i spennande bakgater kloden over. Under kvar turné passar han på å leggje inn nokre timar kvalitetstid. For å jakte «skrammel» sjølvsagt.

Les også: Fyrer laus med klassisk musikk

– Alle slagverkarar lir meir eller mindre av samlemani. Eg vert inspirert av tradisjonen og instrumenta på dei stadane eg er. Det handlar mykje om lydforming. Fargelegging. Gje musikken ei stemning, fortel Ekornes.

Inspirasjonen og leitinga gjer noko med gehøret også. Slike som han vert ekstra vare for nyansar. Høyrer han noko spesielt i til dømes i ein film, byrjar han straks å lure på korleis lyden vert til. Ei særskilt nyfikne. Godt då at guten kan lagre «leiketøyet» på ein nedlagd sjokoladefabrikk i hovudstaden.

Les også: Fanger fjordene i toner

Ekornes har allereie fem år fartstid frå Brazz Brothers, men reknar seg enno som læregut. Ut over all turnéverksemda med dei, er han ein svært etterspurt elles også. Både på vegen og i studio. Vi finn lydspor av han på over hundre plater.

– Eg likar å arbeide fram eigen musikk, men for tida går det mest i konsertjobbar. Det er kjekt, men inneber sjølvsagt at det vert mindre tid både til familieliv og eigenproduksjon. Han er særleg glad i latinamerikansk musikk. Og på grunn av utøvarane sin mentalitet.

– Dei veit at dei står på skuldrene til alle som har gått føre. Dei eldre er samstundes nyfikne på alle som tenkjer annleis.

Festivaler: Se hvilke festivaler festivalarrangørene skal besøke

Kenneth har sans for meisterlæring. I India er læremeistrane som får blomar...

På Fjord Cadenza fekk Ekornesen likevel fortente blomar, etter å ha trollbunde slikt som afrikansk tommelpiano, ei brasiliansk steikepanne, ein Opel-hjulkapsel og ein smånifs lydbølge-syntheziser.

– Og etternamnet?

– Jens Petter var onkel og gudfar min. Men eg rakk aldri å jobbe på fabrikk. Musikken tok meg.