– «Mannen fra Snåsa» er ein interessant, belysande, morosam, rørande og berørande film om eit menneske som har forsøkt, gjennom heile livet, å velje godheit, skriv Jon Selås i VG i si melding av filmen. Avisa trillar terningen, og gir «Mannen fra Snåsa» ein femmar.

Filmskaparen Margreth Olin følgde Joralf Gjerstad, betre kjent som Snåsamannen, i ei periode på to år. Olin har sjølv vore fluge på veggen medan Snåsamannen har behandla sine besøkande, ved hjelp av sine varme hender og synske evner.

Demonstrasjon

Under førpremieren på Colosseum Kino i Oslo på onsdag møtte aktivistar opp utanfor dørene for å dele ut løpesetlar, der det nektast for at Gjerstad har kurert tusenvis. Mannen bak demonstrasjonen, Ronnie Johansen, har tidlegare skrive to kritiske bøker om Snåsamannen. Filmskaparen gjekk sjølv opp til Johansen under demonstrasjonen, og inviterte han med inn for å sjå filmen.

– Mange av dei som har følgt historiene til den tidlegare klokkaren på Snåsa med dei varme hendene, vil sannsynlegvis ha ei stor glede av filmen. Skeptikarane til hans kurerande evner vil neppe bli overbeviste, men Margreth Olin har heldigvis laga ein dokumentarfilm som har nokre kvalitetar, uavhengig av om ein trur eller tvilar på Snåsamannen, skriv Terje Eidsvåg i Adresseavisen i si melding av filmen. Dei gav den ein firar på terningen.

Følg smp-kultur på Facebook!

Håp i fokus

Filmen vart ikkje til for å verken bevise eller motbevise – Olin ville lage ein film som viser håp.

I dokumentarfilmen møter vi 22 utvalde personar i ulike aldrar, spreidd utover heile landet. Alle med ulike grunnar til Snåsa-besøket, og alle med det same håpet om å verte friske.

Birger Vestmo i NRK gir filmen ein femmar. Han beundrar ærlegdomen i filmen.

– Det er nokre fabelaktige sekvensar i denne filmen, der ein kan få både klump i halsen og undring i sinnet av dei besøkande sine reaksjonar. Den er også heilt ærleg på at effekten er forbigåande for nokon, og at andre ikkje kan hjelpast i det heile tatt, skriv Birger Vestmo i NRK Filmpolitiet.

Filmskapar Margreth Olin ville lage ein dokumentarfilm med håp som tematikk. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix