Tenk deg at ein liten by med 6000 innbyggjarar etablerer ein eigen opera for å styrke fellesskapet, og at amatørar og profesjonelle saman framfører ein opera kvart år. Tenk deg så at myndigheitene får greie på det og hjelper til med å byggje eit operahus i den vesle byen.

Slik innleier anerkjende klassiske musikkmagasinet Gramophone sin heider til Opera Nordfjord.

Magasinet skriv at sidan 1998 har denne operaen framført sine stykke i noko av den vakraste naturen som finst på planeten.

Og no, 15 år seinare, har Opera Nordfjord framført Tryllefløyten på Den Norske Opera i Oslo.

Folk i Nordfjordeid har bygd kulissane, jobba i sminka, sang i koret og har hatt roller på scena, og dei har gjort dette på fritida, skriv Andrew Mellor, som er redaktør for anmeldelsar i Gramophone.

Etter å ha sett framføringa skriv Mellor at han aldri har sett ei skarpare og meir relevant framføring av Tryllefløyten, som i si tid vart skrive for ei ikkje-aristokratisk forsamling og som har ei form som er ganske beint fram.

- Der Opera Nordfjord trefte spikaren på hovudet var den vanskelege biten: å levere ein original produksjon som fortalde historia med moderne relevans, skriv Mellor.

Han fortel at det ikkje minst er operakoret som er etsa inn i minnet hans, med Nordfjord-innbyggjarar frå 11 til 75 år som gjorde det dei skulle på scena utan korkje å overspele eller vere lite førebudd.

Mellor legg ikkje skjul på at han gjerne skulle sett Opera Nordfjord igjen. Og ikkje minst meiner han at engasjementet, lagarbeidet og ambisjonane er noko som andre kan lære av.

Les heile anmeldelsen i Gramophone her: Let's make an opera (ekstern side)