Ungdommens kulturmønstring (UKM) er eit kulturtiltak kor unge deltek innan alle kulturelle sjangrar. Mønstringa blir arrangert i dei fleste av landets kommunar.

For få påmelde gjorde at dei i Sykkylven måtte avlyse i fjor. Då var det berre fem-seks melde innslag. I år er det litt bedre, til no er det nemlig åtte påmelde innslag til arrangementet neste laurdag. Det er nok til at arrangementet i Sykkylven kulturhus går føre seg som planlagt.

Fare for avlysing

I fjor måtte dei få deltakarane frå Sykkylven opptre på mønstringa i nabokommunen Stranda. Også her har det tidlegare vore fare for avlysing.

I år er det imidlertid sju påmelde innslag ei veke før fristen går ut. Kulturleiar Vebjørn Skog er nokså sikker på at mønstringa ikkje blir avlyst.

– Då vil eg bli veldig overraska. Vi har fleire påmelde no samanlikna med same tid i fjor, seier han.

Heller ikkje i resten av kommunane på Sunnmøre ligg det an til avlysingar. Tre kommunar, deriblant Ålesund, har allereie halde si mønstring, mens fleire blir arrangert på laurdag.

Else Marie Outzen er UKM-koordinator i Møre og Romsdal. Ho ser ein liten nedgang i talet på innslag i fylket under eitt.

– Påmeldingsfristen er ikkje passert overalt, men no kan det sjå ut som om vi får ein liten nedgang samanlikna med i fjor, seier Outzen.

Nedgang

Til no er det 701 registrerte innslag, totalt enda Møre og Romsdal i fjor på 807 innslag.

UKM har hatt ei positiv utvikling i fylket i fleire år, og Outzen har ikkje nokon forklaring på kvifor talet no går ned.

Ho meiner det er avgjerande at dei unge òg er med og arrangerer mønstringa.

– Vi ynskjer å opprette ei referansegruppe med unge frå heile fylket som kan bidra til å gjere dette attraktivt, seier ho.

I Sogn og Fjordane er det til no meldt på 225 innslag, mot totalt 549 i fjor. UKM-ansvarleg Aud Jonstad Baardsen har ikkje full oversikt over påmeldinga i alle kommunane og kan derfor ikkje seie om det ligg an til ein nedgang i år.

I heile fylket er det berre ein kommune som etter det ho veit har vurdert avlysing.

Attraktivt

– Mitt inntrykk er at ungdommen framleis ser på UKM som attraktivt. Dei unge tar òg ansvar for sjølve arrangementet og det er ikkje vanskeleg å få folk til å bidra, seier Jonstad Baardsen.

Ho trekk fram aktivitet i kulturskule og vidaregåande skule som viktig for deltakinga.

– Eid er ein kommune kor dei har jobba godt med ungdomskultur dei siste åra. Dei har òg hatt ein fin vekst i talet på UKM-deltakarar, seier ho.