Bjørke, Ørsta (smp.no): – Det er ei heilt spesiell stemning her. Eg sat fem timar og venta på eit fly i Amsterdam i går. No når eg er her, kjenner eg at det definitivt var verdt det, seier Owen Radford-Lloyd til smp.no.

Han er frå Leeds, og spelar under helgas Indiefjord på Bjørke i Ørsta.

Sjå smakebitar frå festivalen i video-vindauga.

Då smp.no snakka med han, var han akkurat ferdig med eit sett med akustiske songar i Notanaustet.

Spontant

Etter konserten i Notanaustet, begynte rykta å gå om at noko var på gong borte ved kaffi-campen ved telefonkiosken. Der heldt musikken fram ute, med Hjørundfjorden i bakgrunnen. Utan at det stod noko i programmet om det.

Så spontant, og så herleg. Og publikum var ikkje større enn at det kunne forvekslast med ein vennegjeng. I realiteten var det kanskje det det var.

Flytta

– Eg er heilt overvelda. Eg trudde det skulle kome fem stykker. Dette er heilt fantastisk, seier Silja Haddal Mork.

Silja, som er fødd på Bjørke, og sambuaren Mattias Lidehäll flytta frå London til Sunnmøre i fjor sommar.

– Vi sakna miljøet og vennane våre frå London, og lurte på korleis vi skulle få til noko av det same her heime. I fjor haust var vi på ein konsert her på Bjørke, og då starta diskusjonen å gå om å invitere folk til ein konsert, seier Mattias.

Festival

Etterkvart utvikla det seg til ein heil indie-festival i den vesle bygda inst i den smellvakre Hjørundfjorden.

– Det var ikkje planlagt i det heile. Men nå vi begynte å sende rundt meldingar og invitere folk, var responsen overveldande. Så no har vi 12 band som spelar her i helga.

– Har de vore nøydde til å seie nei til nokon?

– Ja, mange! Og då snakkar vi om band som er skikkeleg store og som vi eigentleg ikkje torde å invitere, seier Silja.

– Kor mykje styr er det å få til noko slikt?

– Om lag 20 gonger meir enn vi trudde. Og når vi skal arrangere det her, blir det ein del utfordringar, særleg med transport. Eg heldt på å frakte gjestar og artistar frå Vigra til Bjørke til klokka 3 i natt, seier Mattias.

Indie

Alle smp.no snakka med laurdag, sleit med å svare på eitt av spørsmåla våre. Kva er indiemusikk? Det beste svaret kom nok likevel frå Owen.

– Indie er ikkje ein musikksjanger. Det kan vere både rock og pop. Akustisk og ikkje akustisk. Det er ein mentalitet. Det kjem frå innsida.

Indiefjord blir arrangert laurdag og søndag. Arrangementa på dagtid er gratis og opne for alle. Laurdag kveld går hovudarrangementet, Indiefjord-festen, av stabelen.