Det er på TV2.no at Sykkylvs-ordførar Petter Lyshol går til angrep mot politikarkollegaen Olav Harald Ulstein sin oppførsel på realityprogrammet «Farmen».

Han fortel at kommunen har motteke kraftige reaksjonar etter at Ulstein skjelte ut ein annan Farmen-deltakar, Finn Olav Odde, i beste sendetid på søndag.

- Dette har reist ein del spørsmål i kommunen. Vi har fått veldig mange meldingar frå folk i heile Noreg som reagerer på oppførselen hans og lurer på kven som har gjeve han lov til å delta. Men vi kan ikkje bestemme kva folk gjer utanfor vervet, seier Lyshol til TV2.

Det er særleg èit utspel frå Ulstein som har fått folk til å reagere. Det var då han beskreiv motstandar Finn Olav Odde i spesielt dårlege ordelag.

- Finn er ein ynkeleg og motbydeleg mann slik eg har lært han å kjenne, sa Ulstein i eit raseriutbrot.

Lyshol meiner at deltakinga til Ulstein svekkjer tilliten til kommunen blant folk, og seier at som ein offentleg person må ein tenkje gjennom kva man seier og korleis ein oppfører seg. Dette meiner Lyshol at Ulstein ikkje har gjort.

Ulstein skjøner at folk ikkje likte utspela han kom med i søndagens episode, men seier grunnen til at sa dette var at han vart dolka i ryggen og avtalar vart broten. Han håpar og trur at folk skjøner at dette er underhaldning og at det ikkje viser korleis han er i rolla som varaordførar.