Mikkel Gaup og dei andre aktørane i Dragseidspelet hadde øvd i dagevis i strålande sol. Under premiæren laurdag var det gråskodde og regn.

Likevel hadde eit syttitals hardbarka viking-publikummarar tatt turen til Stadlandet for å sjå "På sverdeggen" - soga om den gongen i 997 så kong Harald Hårfagre kristna fire fylke her.

Arrangørane håper på betre ver i morgon, då det også er framsyning.

Årets Dragseidspel er det ellevte i rekkja. Som vanleg ligg det ein enorm dugnadsinnsats bak arrangementet, og i alt hundre aktørar frå fire til 75 år er med.

Den mest kjende er sjølvsagt Mikkel Gaup, kjend frå filmar som Kautokeino-opprøret,  men dei aller fleste kjem frå lokalmiljøet. Sentrale aktørar i spelet er Rolf Losnegård, som har forfatta spelet. Nytt av året er det han også stiller som skodespelar.

Jeff Pedersen har regissert årets spel, og har også lært opp deltakarane i kampsport og sverdsvinging.I forkant av spelet kan publikum besøkje ein vikingmarknad rundt spelplassen – med alt frå ungjenter som sel nøtter  til ei skummel trollkvinne, som høyrde med på slike marknader.

Vikingane var – til liks med mange i dag – noko overtruiske, og sette pris på å bli spådde.  Det var altså i 997 at kong Olav Tryggvasson kalla menn frå fire fylke saman til ting på Dragseidet. Der møttest dei, kongshæren og bondehæren med menn frå dei fire fylka Firda, Sygna, Sunnmøre og Raumdøla. Med seg hadde kongen den nye trua  kristendomen.

Beskjeden til dei heidenske vikingane var klinkande klar: Ta i mot trua, eller kjemp til døden mot kongen sin sterke hær av kristne soldatar. Dragseidspelet vart for første gong presentert ved det storstilte tusenårs-jubileet for hendinga i 1997. Eit vikingtun vart bygd opp på staden der hendinga etter sagnet skal ha funne stad. Rundt åtte tusen menneske såg jubileums-forestillingane, som vart opna av kong Harald.

Sidan jubiléet i ’97 har Dragseidspelet altså blitt synt elleve gongar.

Sentrale roller:

Ragnvald frå Ervik: Roger Hilleren

Sigrid, kona hans: Idun Losnegård

Gunnar ”Raud”, son deira: Mikkel Gaup

Gyda, mor til Ragnvald: Randi Hoddevik

Olav Tryggvason, Noregs konge: Paul Jacob Helgesen

Sigurd bisp: Magne Lundebrekke

Kolbjørn Stallar: Ove Aarsheim

Atle frå Stårheim: Rolf Losnegård

Tordis, kona hans: Anne Liv Ervik

Astrid, dotter deira: Toril Runderheim

Svåva, tenestekvinne: Monika Sjåstad

Harald Sunnmørsherse: Per Kenneth Hovdevik

Flåse Storkjeft: Fredrik Borgund

Balg Brimskjegg, Fjalafylket: Øyvind Magne Sjåstad

Øyvind Syrtonn, leiar Sygnaflokken: Helge Borgund

Eirik Moldagjest, Raumdølaleiaren: Bård Fløde