Det har ikkje vore så mykje gøyalt å harselere med i samfunnsdebatten den siste veka. Då Are Kalvø skulle skrive sin faste satire-spalte til Aftenposten, vurderte han eigentleg å kutte den ut. Det andre alternativet var å spørje venner og kjende om kva dei syns er fint med det norske samfunnet.

– Då eg publiserte teksten på nett fekk eg mykje kommentarar og folk begynte å spreie teksten. Eg ser at folk har lagt til ting på lista som dei sjølv liker, og spalta har begynt å leve sitt eige liv på nett, fortel forfattaren, komikaren og satirikaren.

Her finn du teksten på Are Kalvø sin blogg

Eld i tørt gras

Han hadde aldri forventa å få så mange tilbakemeldingar. Gjennom sosiale media spreidde teksten seg som eld i tørt gras.

– Eg har aldri opplevd å få så stor respons på noko eg har skrive. Det seier sannsynlegvis noko om at det som blir skrive offentleg etter 22. juli, blir tatt imot på andre måtar enn det vart før. Kanskje folk har behov for å gje uttrykk for kva vi liker i samfunnet. I staden for å hate dei som hatar, kan vi slutte opp om noko som vi er glade i, fortel Kalvø.

Tragedien på i Oslo og på Utøya har gitt det norske folk eit tankekross. Sjølvsagde norske samfunnsverdiar som ytringsfridom og fritt demokrati, blir kanskje sett meir pris på.

– Dei tinga som eg trakk fram var eigentleg heilt sjølvsagde ting som dei fleste ikkje tenkjer over. Vanlegvis vert det sett fokus på å latterleggjere det du ikkje likar i samfunnet. Men det du likar kjem sjeldan fram. Det verkar som at folk er meir mottakelege for det no, fortel Kalvø.

Positivitet

På mange måtar har dette blitt det norske folks motmanifest mot vondskapen, og dei som ikkje likar dette samfunnet – men Kalvø sjølv, ikkje vil kalle spalta si for eit manifest.

– Eg skrev utifrå kva eg tenkte at eg hadde behov for. Altså å finne andre positive ting som denne tragedien også handlar om. Eg tenkte ikkje at eg skulle vere til stor hjelp og støtte for andre – men viss eg har vore det, så er det aldeles strålande, avsluttar Stranda-karen.

Kva tykkjer du er det finaste ved samfunnet vårt? Sei di meining i kommentarfeltet under: