Øyatreffet har blitt ein populær tradisjon. Alle som gler seg over motoriserte saker som murrar, ryk og ristar går eit par gode dagar i møte no.

Treffet viser gjerne opp ei salig blanding av amcar, europeisk, asiatisk og traktor-slengarar. Mykje moro, og eit avslappa miljø. Camping, kafé, rekekveld og dans til Redwood er noko av programmet, som går føre seg på Rogne. Den gamle skulen, fotballplassen og Framtun ligg vegg i vegg med klubben sin nybygde verkstadhall.

– Her får vi 325 kvadratmeter med «kjekt å ha-utstyr» på deling: Trykkluft, sveis, løftebukkar, spesialverkty. Litt opp og fram kjem det ei lakkboks også, fortel leiaren Trond Ravnestad.

Klubblokalet skal få garderobe, toalett og kaffikjøkken. Medlemane er høgt og lågt, skogar tak i mykje nyttig frå snille donorar og sponsorar. Godviljen rår, med mange døme på resirkulering og gjenbruk av beste merke.

– Vi har lyst å rigge til ein slags nostalgisk bensinstasjon framfor kantinebrakkene våre, og er på jakt etter nokre gamle pumper. For å lage litt miljø rundt bilane våre.

Seaside Custom handlar mykje om det sosiale. Det kjem stadig til nye motorvener og mekkekompisar, som kan hjelpe kvarandre.

– Eg trur vi kan ta æra for at det dukkar opp fleire og fleire entusiastbilar og veteranar. Somme vegrar seg kan hende, lurer litt. Men så ser dei at det faktisk er eit motormiljø her, og torer hoppe ned av gjerdet, seier Ravnestad.

– Til treff-kveldane kjem det all slags folk i alle aldrar. Slikt synst vi er svært kjekt.

På verkstadgolvet står ein Opel Omega med halve støtfangaren i lilla, medan resten er raudleg.

– Prøvelakka for dotter mi, Mari. Ho valde naturlegvis lilla, fortel Harald Otterlei – sjølv Rover-mann med fleire SD-1. Mari er ikkje meir enn 14, men veit at ting tek tid. Bilen MÅ vere ferdig til førarkortet. Det skjønar då alle.

Følg smp.no på Facebook

DUETT: Nokså moldete motorrom, men Terje Morsund Austnes klarer ikkje skilje seg av med godbilen sin.
GROM KROM: Kristian Aakre sin 1960 Dodge Phoenix framstår som reine tidsmaskina.