Mari Tungvåg Stavenes (22) er ein av fem leiarar for Animation Volda 2015. Ho gler seg til torsdag – til ei opning av animasjonsfilmfestivalen noko utanom det vanlege. Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda og eit lokalt ungdomskorps skal spele medan den italienske animasjonsfilmen «Bolero» (1976) og norsk-amerikanske «Peter og ulven» (2006) rullar over kinolerretet.

– Det blir spennande å sjå korleis det fungerer med levande filmmusikk, men eg trur heilt sikkert at det blir flott. Vi er spesielt glade for å kunne presentert den prislønte «Peter og ulven», seier Tungvåg Stavenes.

Gjester

Årets festival er den niande i rekkja. Frå 17. til 20. september vert det vist animasjonsfilmar laga av animasjonsstudentar og andre, i kinosalen og i kafeen på Volda samfunnshus. I tillegg skal inviterte gjester halde føredrag om ulike tema knytt til animasjonsfilm. Blant gjestene er norske Anita Killi, kjend for m.a. kortfilmane «Kongen som ville ha mer enn en krone», «Tornehekken» og «Sinnamann».

Frå Karibia

Camille Selbon Abrahams frå Tidnidad og Tobago har med seg førelesinga «The Art of Animation – A Caribbean Perspective» til Volda. Jo Jürgens frå norske Quisten Animation, den portugisiske animatøren Regina Pessoa, produsent Frank Mosvold, den britiske lyddesignaren Tom Lowe, og norske Kajsa Næss og Elin Festøy, skal også halde føredrag.

– Det blir mykje bra både å sjå og høyre under festivalen. Vi håper at ikkje berre studentar og høgskulefolk, men også lokalbefolkninga tek turen.

For alle

– Mange trur at animasjonsfilm berre er for barn. Men slik er det ikkje, animasjonsfilm er for alle, understrekar Mari Tungvåg Stavenes.

Dei siste åra har Animation Volda invitert femteklassingar til workshop i samband med festivalen. Så også i år. Resultatet av workshopane vert vist både under opninga og på siste festivaldag søndag. Søndag vert det også vising av den Oscar-nominerte barnefilmen Song of the Sea, laga av Cartoon Saloon frå Irland. Sjå heile programmet for Animation Volda 2015 på www.animationvolda.com.

<strong>Gjest:</strong> Anita Killi, kjend for m.a. «Kongen som ville ha mer enn en krone» og «Sinnamann» er blant inviterte gjester som skal halde føredrag under Animation Volda 2015. Foto: Marit Skau