Bokbåt-satsinga i Møre og Romsdal får utmerkinga for å vere ei unik flytande bibliotekteneste

som har vore til nytte og glede for folk langs kyst og fjord i snart 50 år, går det fram av ei pressemelding frå fylkeskommunen.Det var ein overraska, glad og stolt Bokbåten-stab som mottok prisen under årsmøtet i Norsk Bibliotekforening Møre og Romsdal tysdag.  - Denne prisen betyr utruleg mykje, ikkje berre for oss, men for alle som besøker Bokbåten på dei 70 stadane i fylket vi besøker kvart år, sa sa Katrine Solberg hos Bokbåten, då ho takka for prisen.Ho viste til at for mange er dette det einaste bibliotektilbodet. - Vi har eit fantastisk Bokbåten-team og svært viktige støttespelarar og kontaktar på dei stadane vi oppsøker, understreka Solberg. Leiar i Norsk Bibliotekforening Møre og Romsdal, Anne Elin Øverbø, sa ved overrekkinga at svært mange i vårt fylke har gode minne om sterke forventningar knytt til Bokbåten:

- Den har vore ein kulturformidlar, begeistrar og inspirator i snart femti år. I medvind og motvind har den sigla i eit geografisk utfordrande farvatn og får kvart år besøk få 58 barnehagar og 52 skular.

Bokbåt-staben mottek prisen, f.v.; Inger Lise Aarseth, Katrine Solberg, Berit H. Hjertø, Hilde Gjessing, Vidar Kursetgjerde (bak) - alle frå fylkesbiblioteket. Midten framme mot h.: Fylkesbiblioteksjef Ellen Kristin Molvær, leiar i Norsk Bibliotekforening Møre og Romsdal, Anne Elin Øverbø og leiar i kultur- og folkehelseutvalet i fylket, Kristin Sørheim. Foto: Svein Magne Harnes