– Eg har aldri vore med på ein konkurranse i heile mitt liv, så no tek eg det heilt ut, seier Lilli Anne Giske frå Giske og flirer godt.

Det er med skrekkblanda fryd at ho ser fram til premieren 28. april. Men ho kunne ikkje takke nei då Ingvild Stokke Dyb spurte henne om ho ville stille på same lag i «Norges Grillmester». Stokke Dyb er frå Skodje, og busett på Godøya.

Følgsmp.no på Facebook

Ti lag

Tausene, som dei kallar seg i programmet, konkurrer mot ni andre lag. Gjennom ti episodar skal laga grille seg gjennom alt frå kjøt og fisk, til pizza og dessertar, opplyser TV2. Eit dommarpanel avgjer kven som går vidare.

Programleiar Stian Barsnes Simonsen håper at programmet vil inspirere sjåarane til å utforske og variere grillmat i endå større grad.

– Norge er faktisk størst av dei nordiske landa innan grilling, men no skal vi få vist at det er meir enn pølser som kan leggjast på grillen, uttalar han.

Matglade

Giske kallar seg og partnaren for to glade amatørar, som har mat som sin store hobby. Stokke Dyb har i tillegg ein matblogg, noko som gjorde at ho vart førespurt om å delta i TV-programmet. Båe jobbar på Giske barneskule, der kollegaene stundom får nyte godt av matinteressa til tospannet.

– Kva grillrett serverer du viss du verkeleg skal imponere?

– Eg er veldig glad i å grille godt krydra landkylling, som eg trer ned på ei boks med mørkt øl, svarer Giske.

Ho anbefaler alle å prøve denne retten.

Lesfleire kulturnyheiter på smp.no

Gjenbruk

Dagen før grillprogrammet, har TV2 premiere på «Redesign». Her skal to designteam med null kroner i budsjett konkurrere om å innreie det flottaste rommet. I det eine teamet deltek Camilla Roald Johansson, opphavleg frå Sykkylven.

Interiørdesignaren og bloggaren skal saman med møbeldesignar Phillip von Hase og møbelsnekkar Mikkel Solbjørg tråle gjenvinningsstasjonar og finn.no for å finne materiale, ting og gamle møblar.

Når designteama har designa kvar sine rom, får huseigar plukke ut sin favoritt.

– Det er veldig viktig med gjenbruk i disse tider, og det er fint å sjå at det går an å lage vakre ting av gamle ting, meiner programleiar Marthe Skappel.

<strong>Design:</strong> Camilla Roald Johansson, opphavleg frå Sykkylven, deltek i «Redesign». Pressefoto: TV2 Foto: TV2