– Det er like uforståeleg kvar gong eg tenkjer på det, seier forfattar Aina Basso.

Forfattaren og historikaren frå Giske snakkar om dei norske hekseprosessane i Finnmark på 1600-talet, som er tema for hennar nye roman.

– Eg kjende jo til hekseprosessar i utlandet, til dømes i Salem i USA. Men at norske kvinner fekk skulda for skipsforlis og naturkatastrofar, og vart brent som hekser? Det har vore vanskeleg å tenkje seg at dette faktisk var verkeleg for folk.

Basso-slekt

Denne undringa vart til romanen «Inn i elden», som ho lanserer under Finnmark Internasjonale Litteraturfestival i slutten av februar.

Basso fekk først kontakt med temaet under grunnfaget i historie. Interessa vart til ei semesteroppgåve, og minna frå desse studia vart vekt til live då ho vitja familien sin i Finnmark. Basso-slekta kjem nemleg frå ei bygd mellom Vadsø og Vardø – der boka finn stad.

Sann historie

80 kvinner vart dømt til døden i Finnmark, mistenkt for å stå i samband med mørke krefter. I boka er det to unge jenter som står midt i konfliktane. Elen er dotter av ei «klok kone», og Dorothe er ei rikmannsdotter frå København.

Til liks med Basso sine andre bøker, er reelle historiske hendingar og kjelder bakgrunnen for romanen. Svartebøker og rettsprotokollar er tekne i bruk for å teikne et truverdig bilete av Finnmark på 1600-talet.

Religion og magi. – Eg måtte ta dette samfunnet på alvor, sette meg inn i tenkemåten. Eg måtte freiste å forstå korleis dette kunne skje.

– Kva trur du var årsaka?

– Samfunnet på 1600-talet var bygd rundt ei blanding av magi og religion. Med overtrua kom magien, og med religionen kom trua på djevelen. Samstundes var trua på autoritetane så sterk at ein var villig til å gå med på nesten kva som helst. Enkelte historikarar meiner at lensherrane må stå til personleg ansvar for mange av heksebrenningane, seier Basso.

Lagnader

I den førre boka si fortalde Basso om lagnaden til ei taterjente. For ho er det dei små historiske lagnadene som er interessante, og då gjerne dei som har ramla utanfor samfunnet.

– Den historiske litteraturen har nok ein tendens til å fokusere på dei såkalla store namna og hendingane. Men eg har aldri vore fascinert av ein person berre i eigenskap av eit kjent namn. Eg trur det ligg vel så spanande og viktige fakta om fortida gravlagt andre stader, seier ho.

Forteljingar om fattigdom

Basso jobbar i dag i halv stilling med eit fattigdomsprosjekt i byarkivet i Oslo. Der finn ho dagleg store forteljingar.

– Her finst det intervju med 100.000 fattige frå 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Eit utruleg stort og interessant materiale som sikkert kunne blitt til fleire bøker, seier forfattaren.

Men det høyrer framtida til. Først av alt gler ho seg no til å presentere «Inn i elden» for eit litteraturinteressert publikum i Finnmark.