65 personar kom då Hareid Kunstlag og ordførar Anders Riise opna Hareidsstemna laurdag ettermiddag. Ein imponert ordførar sa i opningstalen at han er veldig glad for den kulturelle tradisjonen i Hareid kommune, og at det er kunst og framsyningar av høg kvalitet som ein kan sjå og oppleve dei komande dagane.

Hareid Kunstlag si stemneutstilling inneheld biletkunst av Marianne Heske og Tiril Schrøder. Schrøder fortalde om korleis ho bruker landskapet som hovudmotiv samtidig som ho drar inn dramatiske element.

- Medan Heske er veldig fargesterk, har Schrøder meir detaljar i sine verk. Begge får fram at naturen ikkje berre er idyll og har med element som får ein til å tenke vidare, seier Inga Ishild Hareide, leiar i Hareid Kunstlag, til smp.no.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

I stemneopninga deltok også songaren Torill Oda Ringstad og musikarane Leif Arne Nydal (fiolin) og Olav Egge Brandal (tangentar).

Ordførar Anders Riise la i opningstalen vekt på at programmet for barn og ungdom under Hareidstemna er viktig. Hareid Musikk- og kulturskule deltek fleire gonger den komande veka. Torsdag er det ungdomskonsert med ENVY. Og søndag er det barneshow med Wilhelm Korsnes Støylen, kjend frå barne-tv.

Sjå også: Programmet for Hareidstemna (ekstern side)

Tiril Schrøder framfor eitt av arbeida sine under årets stemneutstilling på Hareid. Foto: Inga Ishild Hareide