Kjetil Leira har vore styreleiar og medeigar i Rust Club & Scene dei siste fem åra, og han har vore med som initiativtakar på Rust sidan dag ein.  Leira seier at eigarane og styret føler eit valdsamt vemod no som dørene skal stengast for godt.

– Det er trist og leitt. Vi er musikarar sjølve, og mistar heimescena. Det vert eit hol som ingen kan fylle per i dag, men eg vonar at yngre krefter etablerer ein annan stad der mange kan utfalde seg, seier Leira.

Kulturnyheter og oppdatert kulturkalender - følg smp-kultur på Facebook

Forlenga levetid

For fem år sidan vart det krise for Rust då grunderane, Erica Krøvel og Knut Steinnes, måtte gje seg med drifta. Då kjøpte ti personar seg inn i Rust sitt aksjeselskap, og tok over drifta. Blant dei var Kjetil Leira.

– Vi tok over og forlenga levetida med fem år. Vi er stolte som har greidd å halde liv i Rust i 15 år. Det er gjort på dugnad, og av eldsjeler, seier Leira.

Kjetil Leira er styreleiar og medeigar i Rust Club & Scene som opna dørene 21. juli 202. Han synest det er trist at Rust er historie. Foto: Privat

Dei siste fem åra har det berre gått nedover, ifølgje Leira, for Terminalen i Ålesund og Rokken i Volda trekk dei største banda og har ein betre økonomisk føresetnad.

– Rust vert for liten i forhold til dei store konkurrentane, og vi har for lite publikum. For få folk nyttar tilbodet som Rust har gjeve, og det vert for kostbart å drive privat, seier Leira.

Nedgang i utelivet

I dag er det ikkje driftsgrunnlag for Rust. Det er ikkje mogeleg å halde dørene opne,  og Leira meiner at Rust er historie. Han seier at ingen kjem til å drive Rust etter nedlegginga no, og lokalet kjem til å bli brukt til andre føremål. No må lokale heltar og musikarar nytte seg av kommunale tilbod som Kaihuset i Ørsta.

– Rust har betydd mykje for kulturlivet i Ørsta. Store namn som Klypa har sitt utspring frå Rust, og lokale band har starta karrieren sin der. Ei smie for lokal kreativitet er vekk, seier Leira.

Hald deg oppdatert - følg smp.no på Facebook

Ein utested igjen

I Ørsta er Norrøna pub den einaste utestaden igjen. Leira oppmodar ørstingane til å gå ut og bruke Norrøna, så bygda ikkje mister den også. Tidene har forandra seg, og ifølgje Leira går ikkje folk ut før tidlegast midnatt. Folk sit heime lenger på kveldane.

– Då vert naturlegvis ikkje omsetninga den same, når salet vert mindre, seier Leira.

Rust Club & scene AS takkar alle sine gjester, artistar, tilsette og vener, som har gjort at Rust har eksistert i 15 år, på facebook

Les historia om Rust Club & Scene her (ekstern lenke)