I ei Kantar Sifo-undersøking, gjennomført av nettbokhandelen Adlibris, oppgir over halvparten av norske mødrer at dei les mest på heimebane. Under éin av fire fedrar gjer det same. Undersøkinga viser også at foreldra har ulik motivasjon til å lese for barna sine, seier Taru Raita, som er kategoriansvarleg for fag- og skjønnlitteratur i nettbokhandelen Adlibris, i ei pressemelding:

– Det er mammaene som er best på heimebane til å lese høgt for barna sine. I ei tid der skjermtid dominerer lesetid for mange barn, er det oppmuntrande å sjå at såpass mange foreldre framleis prioriterer den viktige og tradisjonelle høgtlesinga. Fleire mødrer enn fedrar trekkjer fram eit betre ordtilfang og fantasi som dei viktigaste motivasjonsfaktorane til høgtlesinga. I tillegg ser vi også at mødrene vektlegg meir eigentid med barnet som ei viktig årsak til lesestunda.

Parallelt viser tal frå PISA at norske tiandeklassingar skårar rekordlågt på leseferdigheiter. I Adlibris' undersøking blir tidsklemma trekt fram det største hinderet for meir høgtlesing.

– Tidleg høgtlesing for barn legg det viktige grunnlaget for dei framtidige leseferdigheitene deira og -glede. Om det er vanskeleg å få høgtlesinga inn som ein del av rutinane, så viser forsking at leseferdigheitene til barnet også blir utvikla med korte lesestunder. Det er viktig å hugse på i ein travel kvardag, seier Raita.

Lesefakta

Undersøkinga vart gjennomført i april på vegner av nettbokhandelen Adlibris. Totalt 1500 norske, svenske og finske foreldre i alderen 18–79 år med barn mellom 1–12 år deltok.

* 52 prosent av norske kvinner meiner at dei sjølv les mest for barna sine, samanlikna med 24 prosent av mennene.

* Meir enn 9 av 10 norske foreldre synest det er viktig at barna les jamleg.

* 9 av 10 norske foreldre meiner at høgtlesinga skal delast likt mellom foreldra.

* 1 av 4 norske foreldre oppgir tidsklemma som den største hindringa for meir høgtlesing.

* For mødrene er det meir tid med barna (64 prosent), å gi barna eit betre ordtilfang (64 prosent) og at barna likar/ønskjer det (63 prosent) den viktigaste motivasjonen bak høgtlesinga.

(©NPK)