Kultur

Grieg og gitar i Fosnavåg

foto
Gitaristen og komponisten Frode Alnæs har vore ein populær artist i norsk musikkliv gjennom 30 år. No er han ettertrakta som aldri før, og neste veke kjem han til Sunnmøre for å spele med Fjord Cadenza sitt litauiske symfoniorkester. Først på konsert i Fosnavåg 13. august, så under avslutningskonserten på Gomerhuset søndag 14. august.