2000 songarar frå 20 nasjonar inndelt i 64 kor deltok i den internasjonale kor- og festivalkonkurransen i Budapest førre veke. Sølvdiplom-vinnarane var einaste kor frå Noreg som deltok.

- Vi er veldig fornøgde med å få ein sølv-diplom. Eg hadde også vore nøgd med å vinne bronse, seier dirigent Svein Eiksund i Sunnmøre Festivalkor.

Eiksund har vore dirigent for koret i åtte år. Dette er den sjuande festivalen koret har deltatt på. Til vanleg har koret øving fire gongar i halvåret.

- Det er viktig for oss å vise fram norsk kormusikk og kultur. Det er også veldig kjekt å høyre andre kor opptre, seier Eiksund.

Streng jury

Ein jury vurderer alle kora som er med i konkurransen og rangerer dei. På topp er dei kora som syng seg til ein gull-diplom. Sist er dei som klarer å konkurrere seg til ein bronse-diplom. I tillegg blir eit kor kåra til Grand Prix-vinnar. I år gjekk sigeren til det svenske koret «Stockholm musikkgymnasiums ungdomskor».

- Vi fekk mange konstruktive tilbakemeldingar frå juryen som vi skal ta med oss vidare, seier Eiksund.

Festivalen varte i fem dagar, og dette var den fjortande gangen festivalen blei arrangert.

Song norske viser

Koret reiste ikkje berre til Budapest for å konkurrere. Dei fekk også tid til å øve og opptre saman med studentkor frå Irland, Tyskland og Israel.

- Vi song Edvard Griegs «Ved Rondane» saman med kora. Det er imponerande at dei kjenner til norske komponistar og viser, og det gjer det jo veldig spesielt for oss frå Sunnmøre, seier Eiksund.

I fjor blei festivalen arrangert på Barcelona. Då tok Sunnmøre Festivalkor også sølv-diplom i konkurransen.