– Vi skal sjå nærare på dette og publiserer oppdaterte tal for 2021 og 2022 den 15. mai, opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB) i ein e-post til NTB.

Sist helg fortalde NRK at blokkfløyteimporten til Noreg har stupt med 95 prosent i perioden 1992 til 2022, og at stadig færre skular bruker instrumentet i undervisninga. I saka vart det vist til SSB-statistikken for import av blokkfløyter.

Ved nærare augnesyn er det likevel noko som skurrar med tala. Skal vi tru tabellen, vart det importert 2.974 blokkfløyter i fjor til ein verdi av 3,6 millionar kroner og med ei vekt på 6,7 tonn.

Det gir ein snittpris på 1.219 kroner per blokkfløyte og snittvekt på 2,26 kilo per fløyte. Også fleire av dei førre åra viser svært høg pris og vekt på blokkfløytene. Men går ein lenger tilbake, er tala heilt annleis.

I blokkfløyte-toppåret 1992 vart det til dømes importert over 60.000 blokkfløyter. Den gongen kosta dei i snitt 18 kroner og vog 116 gram.

Ein kunne tru det hadde vore ein eksplosjon i både pris og vekt på blokkfløyter, men det er i staden feil i tabellen.

– Statistikken vi publiserer på Hs-varenummernivå, er altså basert på tolldeklarasjonar og er svært detaljerte. Vi prøver å luke ut dei viktigaste feila, men vi klarer dessverre ikkje fange opp alt, opplyser SSB.

Men no blir det altså varsla ein oppdatert versjon av statistikken i mai.

(©NPK)