Tysdag slapp Klypa sin splitter nye video til låta «Kjellen er Kjellen» som humorgjengen frå Ørsta håpar skal bli årets sommarhit - og kanskje ein slager på russefestane i mai?

– Den handlar om Kjellen som reiser til Spania og går i dei klassiske Syden-fellene, fortel Thomas Ryste, alias «Kjellen» til smp.no.

Kva skjer? Sjekk kulturkalendaren på smp.no

Den temperamentsfulle ferjebiletøren blir utsett både for sterk sol, matforgifting og myggstikk underveis.

– Korleis likar han «Kjellen» eigentleg Syden?

– Nei, han har no prøvd nokre gonger, og anten er det for varmt eller så er det noko anna. Inst inne likar han det, men han klarer å rote det litt til for seg, seier Ryste.

60.000 visningar

Etter berre få timar var videoen tysdag ettermiddag sett om lag 60.000 gonger. Klypa-gjengen har slept låta på strømmetenester på nett som Spotify og Itunes, og satsar på at dei har laga årets sommarhit.

Nytt show

Videoen avslører også at Klypa-gjengen er på gang med nytt show til hausten. Etter premiera på Ørsta kulturhus i slutten av september går turen til Ålesund nærare julebordtider.

– Og så blir showet spelt i heile Norges land dei neste tre åra.

Og det siste var det definitivt «Kjellen» som sa.