Foto: Tilsendt

- Boka er selt for utgiving på engelsk. Noko som skjer svært sjeldan for norske barnebøker, heiter det i ei pressemelding frå Samlaget.

Totalt er Vaffelhjarte, som kom i 2005, selt til 16 land, inkludert Kina, Japan og Russland. I Storbritannia er det det tradisjonsrike forlaget Walker Books som skal gi ut boka, i USA forlaget Candlewick.

Edmund Austigard, forlagsdirektør i Samlaget, er stolt over Parrs suksess i utlandet:

- Det er imponerande at Maria Parr etter berre to bøker er blant dei mest omsette norske barnebøkene i utlandet. Det visar hennar store og allmenngyldige appell. Vi er takknemlige for å gi ut forfattaren som bokmeldarar verda rundt samanliknar med Astrid Lindgren.

Vaffelhjarte vart mellom anna nominert til Brageprisen i 2005. I 2009 fulgte Parr opp med Tonje Glimmerdal - som vann Brageprisen det året. Tonje Glimmerdal vart vidare, i 2010, kåra til beste tyske barnebok av avisa Die Zeit. Tonje Glimmerdal er førebels selt til ni land.

NRK-serien basert på boka Vaffelhjarte har gått på Barne-TV i haust, og vert også sendt som familieunderhaldning på NRK1 i jula.