Les meir i Sunnmørspostens papirutgåve laurdag

Ulsteinvik barneskule er med på bibliotekprosjekt og har fått prosjektmidlar frå Universitetet i Agder. Meininga er at ein skal bruke biblioteket som læringsarena, og vegen inn i bokverda vert opna på mange måtar for elevane ved skulen.

Les fleire kulturnyheiter på smp.no

Boka i sentrum

Ved skulen vert det jobba med å bli glad i bøker gjennom heile året, men i dag startar barnebokveka der boka skal vere det viktigaste ei heil veke framover.

Rektor Bjørn Dal klipte snora med heltane frå «Vaffelhjarte», Lena og Trille heldt i kvar sin ende. Lena (Dagny Myrene) og Trille (Simon Voldsund) vart intervjua om korleis det var å lage film medan forfattar av Vaffelhjarte-boka, Maria Parr, las.

Les også: «Vaffelhjarte» Årets familieprogram Les også: No kjem bestevenane i Knert-Mathilde Bildeserie: Fekk hovudrollane i tv-serien

Tente lys

– Kan eg få lese for dykk, spurde forfattaren.

– Jaaaa! Svarte første- og andreklassingane. Og elevane sat som tente lys medan dei høyrde om Lena og Trille som spelte Glade jul i gågata og samla inn pengar til ny fotball.

Seinare i bokveka skal elevane mellom anna ha bokbytedag, bibliotekdag og ha boksporløp med besøk i boklavvo.

Les fleire nyheiter frå Søre Sunnmøre og Nordfjord på smp.no

Foto: Torill Myren