– Men dessverre folkens, snart er både bymål og nynorsk ein saga blott. Borna våre vil rekke å oppleve at dei to språkformene smeltar saman og blir til eitt, hevda byhistorikar Harald Grytten i Aasentunet søndag ettermiddag.

Hadde dette vore ei kyrkje, så hadde kanskje slike ord vore rein banning i dette hus? Høvet var i alle fall lansering av den nye boka der 14 personar knytte til Sunnmøre har skrive kvar sin tekst om noko sunnmørsk. Og der tre av desse, Øystein Orten frå Hareid, Kjetil Tandstad frå Sykkylven og altså Harald Grytten frå – nei ikkje Ålesund men Giske – las opp frå kvar sine tekstar. Og som fort fekk folket i den fullsette kafeen humrande i tale.

Lakmus

Grytten sitt utfall for ei snarleg språkleg samling kom som eit direkte svar på ei utfordring frå Kjetil Tandstad:

– Vi ser at Ålesund er ute og sonderer terrenget om kommunesamanslåing. Dersom byen vår konverterer til nynorsk, slår vi i Sykkylven oss i hop med byen vår på dagen, inviterte Tandstad.

Han hevda dette vil vere den store lakmustesten på reell vilje frå storebror til å hente sunnmørske småsøskjen inn på laget. Og skape nye Sunnmøre.

– Eg har alltid skrive radikalt bokmål, og fått det stempla som bondespråk i byen. Ute i periferien får eg derimot vite at eg skriv klokkardansk, forklarte Grytten, som ser for seg store fordeler med eit nytt og felles sunnmørsk språk.

Nøysemda

No var språk berre ein bit at tematikken som kom opp kring sunnmøringen. Mytane om denne spesielt nøysame folkesorten vart presenterte og raljerte med av forfattarane i tur og orden.

– Men eg trur ikkje sunnmøring har vore eit aktuelt omgrep før tidlegast etter 1910, hevda Harald Grytten.

Kjetil Tandstad meinte at myten om sunnmøringen, som får til alt og som kan skape det meste av ingenting, kanskje står for fall.

– Men merkevare, det er sunnmøringen ekstremt god på, understreka forfattaren av boka «Gull av gråstein», som kom ut i fjor.

– Eg trur det riv mange eldre sunnmøringar i hjartet, at nøysemda mellom dei unge sunnmøringane i dag, ikkje er som ho var, slo Øystein Orten frampå.

Mykje tyder på at dette forfattartrekløverer bidreg i ei mykje leseverdig bok om det sunnmørske.

Stemning som på ein bokkafe i islandske Reykjavik: Kafeen i Aasentunet var fullsett av folk som fekk høgtlesing frå boka «Steikje te styr», her presentert av forleggjar Torkjell Djupedal frå Selja Forlag.