Etter to veker med intens øving var det onsdag årets happening for elevane på Skodje ungdomsskule. Mellom 400 og 500 tilskodarar fekk i går sjå ni klasser konkurrere om å vinne Grand Prix 2012.

– Vi håper på å vinne, og har jobba ein del. Men det er høgt nivå på mange klasser, seier Thea Malen Uhlen og Emilie Laurentse Slyngstad Kalvatn i klasse 10 A.

Dei har jobba med sceneshowet i to veker, og brukt ein månads tid på å skrive teksten.

– Vi var nervøse på scena, sjølv om vi har vore med tre gonger før. I fjor vann klassa vår, og året før kom vi på andre plass. Vi er kanskje favorittar, men det er nok ein del som håper vi ikkje vinn i år også, trur dei.

Sjå bildeserie frå Skodje Grand Prix

Eigne innslag

Alle ni klassane stilte med eigne innslag der ein kjend melodi har fått ny norsk tekst, og blei framført med song, dans og sceneshow. Det heile vart akkompagnert av eige elevorkester. Det var 10. klasse som hadde hovudansvaret for gjennomføringa av arrangementet. Trond Kjelstadli var skulens ansvarlege.

Les fleire kultursaker på smp.no

Premien var heider og ære, og ein vandrepokal. Dommarane var Bente Nybøen, Bjørn Vidhammer, Beate Haukeberg, Amalie Lillevold og Kristian Fagervoll.

Innslaga var «Tour de Ski» (8A), «Dagmar på Skøye» (9B), «2012» (8B), «Sigve på Puls’n «(10B), «Lillian og Geir» (8C), «Stuck i utdanningsvalet»(10A), «Eventyrland» (9C), «Barndomstia»(10C) og «Drømmeprinsen « (9A).

Vinnaren

Og kven som gjekk av med sigeren? Det var favoritten klasse 10 A med «Stuck i utdanningsvalet». Dei fekk full pott av alle dommarane i år - som i fjor.

Følg smp.no på Facebook

Inntektene av arrangementet går til skuletur. Arrangementet har vore kvart år sidan 1997.

Foto: Nils Harald Ånstad