I desse dagar slepper forfattaren og forleggjaren frå Ålesund sin tredje roman, på Forlaget Oktober. «Er hun din?» er ei forteljing inspirert av eit verkeleg møte.

– I eit selskap var det eit lite barn som rart nok vart svært oppteken av meg. Ho såg heile meg og mitt vesen – det var svært rørande. I etterkant tok eg til å skrive litt for meg sjølv om dette møtet, fordi eg ville halde på det, og eg kjende at eg sakna barnet, fortel Haagensen.

Det var ein ven som sa at forfattaren burde gjere bok ut av møtet med den vesle jenta.

– Då såg eg sjølv at det var verdt å omsette dette vennskapet til litteratur på ein skikkeleg måte, og at det også gjekk an å drage inn ei filosofisk side i historia, forklarer han.

Vennskap

Romanen: Framsida av boka ?«Er hun din?», av Nils-Øivind Haagensen, gitt ut på Forlaget Oktober.

I «Er hun din?» møter ein 43 år gammal mann ei seks år gammal jente på ein bursdagsfest. Som barn gjerne gjer, peprar seksåringen mannen med spørsmål, og dei to blir vener. Gjennom kontakten med jenta skjer det noko med 43-åringen, hendingar i fortida hans blir rulla opp.

«Er du hårsår? Har du skrevet testamente? Har du barn? Samtalene med den lille jenta åpner rom i Are som har vært lukket i lang tid: Historien om barnet som aldri ble født. Historien om kjærligheten som ikke fikk fortsette.

Rundt Eira og Are utspiller det seg en voksen og fuktig fest som varer i flere dager, til det plutselig skjer en ulykke, og Are må forlate øya i all hast. Han rekker ikke engang å ta på seg skoene», står det å lese i bokomtalen på forlaget sine sider.

Uventa form

– Denne boka skil seg veldig frå alt eg har skrive før. Sidan eg i utgangspunktet ikkje tenkte på skrivinga som eit manus, så var forma uventa for meg. Men det var frigjerande å berre halde fram å skrive på denne måten, fortel forfattaren.

Han seier at han har stålsett seg for lanseringa av boka.

– Eg merkar at eg er litt redd for negative tilbakemeldingar, fordi eg er svært glad i karakterane i romanen. Om dei ikkje fell i smak, blir eg lei meg. Eg håper verda er klar for dette, seier Haagensen.