– Claus Hjelle freistar å få eit nytt fotfeste i livet, men han slit med å finne ein stad å stå på, fortel Hermann Starheimsæter, busett i Sykkylven.

Konfliktar

Første møtet med Hjelle får lesaren i «Nordvegen», gitt ut på bokmål på Aschehoug i 2003. Romankarakteren går til kamp for nynorsken. Lesaren blir innvigd i historia om nynorsken si utvikling, samstundes som vi følgjer hovudpersonen, som bikkar over kanten etter at nynorskavisa «Bygdi» vert lagt ned.

I «Nattbussen» (2007) skildrar forfattaren sjukdomsperioden, og kva Hjelle må gjennomgå for sitt standpunkt om at vestlendingane bør rive seg laus og stå fram som ein fri republikk, med nynorsk som einaste riksmål.

I «Der nåden finst» kjem Hjelle attende til plassen han vaks opp. Han strevar med å finne sin plass i livet. Forfattaren flettar òg inn tilbakeblikk til perioden då Hjelle var lagt inn på lukka avdeling og korleis han opplevde terapitimane. Lesaren vert presentert for religiøse problemstillingar som hovudpersonen baskar med, knytt til soning, skuld og nåde.

Møte

Snakketerapien har rippa opp i ting som har skjedd i Hjelle sitt liv for lenge sidan.

– Det er noko han skulle ha snakka med mor si om, ei vanskeleg intim greie, men han strevar med å finne det rette tidspunktet, fortel Starheimsæter. Dette er eit viktig tema i boka. Eit møte med ei plageånd frå barneåra, vert òg eit vendepunkt.

Samanbrot

Forfattaren har sjølv sett innsida av galskapen. Før han begynte skriveprosessen med Hjelle-triologien, var han innlagt på eit psykiatrisk sjukehus i nokre veker. Enkelte ting er heilt borte, men han hugsar ganske mykje frå desse vekene.

– Det er som å vere inne i ein mental tornado som kvervlar av garde. Den energien ein vanlegvis bruker til å vaske golv eller hogge ved med, bruker ein fullt og heilt på det mentale, skildrar Starheimsæter. Han har blitt fascinert av galskapen, og førstehandskunnskapen har kome godt med i romanprosessen.

Dikt

Medan den ferske romanen lever sitt eige liv ute blant lesarane, har forfattaren hatt ein særs produktiv månad i Wien.

– Det har vore veldig godt å få puste ut. Og skrive dikt.

Med det er han attende til utgangspunktet. I 1980 debuterte han med diktsamlinga «Lungeblæretre».

Etter å ha levd tett saman med Claus Hjelle i drøye 12 år, kjennest det rett å skrive poesi no.

– Har du lagt opp til fleire bøker om Hjelle?

– Ikkje slik eg ser det. Eg er lei no.

– Har du normalisert Hjelle?

– Ja, det verkar som han er komen til eit punkt der han kan kome ut i samfunnet igjen. Eg trur han greier seg sjølv no.

Utsnitt av bokomslaget.