Dermed får vi eit innblikk i korleis det var for ein ung mann å bli kasta ut i krigen.

– Eg har vore i kontakt med historikarar i Nord-Trøndelag og dei kjenner ikkje til andre som har skrive slike dagbøker, seier Kjetil Haanes.

Kjell Haanes hadde den flotte tittelen trompeter og ordonnans i 3. skiløper og hjulrytterskvadron i Dragonregiment 3. Regimentet på 1.100 mann hadde hovudkvarter på Rinnleiret.

I 1939 avtente Kjell Haanes verneplikt på Rinnleiret. I februar–mars var han på militæreksesis i Nord-Trøndelag. Så vart han kalla inn til nøytralitetsvakt, men før han rakk fram var Norge i krig. Haanes skriv at han reiste saman med ca. 100 andre frå Sunnmøre og Romsdal.

I notata til Haanes har soldatkameratar skrive namna sine, og her er ei rekkje sunnmøringar: Oskar Westre, Per Fagerhaug, P. G. Tolås, Einar Våge, Nils Hølsbø, Sverre Barstein, Bjørn Vestnes, alle frå Ålesund. Dessutan Bjarne Dyrhol, Knotten, Sverre Brudevoll, Syvde, Rasmus Liaskar og Jon Heltne, Volda, Thomas Valbø, Ørskog, Peter Fausa og Ole Løset frå Sykkylven, Rasmus Støversten, Skodje og Paul Klokk, Sjøholt.

Til slutt i notatane skriv Haanes: «Det som gjorde varig inntrykk på meg var døde (skotne) sivile og barn. Et indre syn som jeg ikke er blitt kvitt.»