Headlineren til Sommerfesten på Giske var den svenske artisten Laleh, og det var eit folkehav då ho gjekk på scena. To av dei som var tidleg ute å sikra seg plass på første rad var Natalie Sjursen og Synne Remmen.

- Ho har utruleg god musikk, seier Synne og Natalie legg til:

- Ja, også har ho så fine klede.

Jentene høyrde Marion Ravn tidlegare men kom først og fremst for å høyre sitt svenske idol.

- Vi har høyrt mykje på musikken hennar tidlegare og eg trur vi kjem til å bli i veldig godt humør når ho spelar, seier Natalie i forkant av konserten.

Det har vore ein jamn straum med folk sia dørene opna, men då Laleh gjekk på scena fylte det seg opp fort.