65 personar kom då Hareid Kunstlag og ordførar Anders Riise opna Hareidstemna laurdag ettermiddag. EIn imponert ordførar sa i opningstalen at han er veldig glad for den kulturelle tradisjonen i Hareid kommune, og at det er kunst og framsyningar av høg kvalitet som ein kan sjå og oppleve dei komande dagane.

Sjå også: Programmet for Hareidstemna (ekstern side)

Stemneutstillinga inneheld biletkunst av Marianne Heske og Tiril Schrøder. Schrøder fortalde om korleis ho bruker landskapet som hovudmotiv samtidig som ho drar inn dramatiske element.

- Medan Heske er veldig fargesterk, er har Schrøder meir detaljar i sine verk. Begge får fram at naturen ikkje berre er idyll, og har med element som får ein til å tenke vidare, seier Inga Ishild Hareide, leiar i Hareid Kunstlag, til smp.no.

I stemneopninga deltok også songaren Torill Oda Ringstad og musikarane Leif Arne Nydal (fiolin) og Olav Egge Brandal (tangentar).

Ordførar Anders Riise la i opningstalen vekt på at programmet for barn og ungdom under Hareidstemna er viktig. Hareid Musikk- og kulturskule deltek fleire gonger den komande veka. Torsdag er det ungdomskonsert med ENVY. Og søndag er det barneshow med Wilhelm Korsnes Støylen, som er kjend frå barne-tv.

Les fleire kulturnyheter på smp.no

Tiril Schrøder framfor eitt av arbeida sine under årets stemneutstilling på Hareid. Foto: Inga Ishild Hareide